Klare for revansj

Etter tap for Florø 2, satsar gutta alt på å snu kjerringa når Skavøypollen kjem på besøk.

Kampfakta: Florø 2 – Årdal FK 5-1 (2-0)
Florø kunstgras, mandag 21.august

1-0   21 min   Torbjørn Aabrekk
2-0   29 min   Torbjørn Aabrekk
3-0   58 min   Torbjørn Aabrekk
4-0   73 min   Torbjørn Aabrekk
5-0   88 min   Torbjørn Aabrekk
5-1   90 min   Truls Hovland

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger  med Vegard Yndestad, Eikefjord og Jakob Sande Søgnen, Gaular.

Gule kort: Dino Omerovic og Torje Naustdal, Florø 2

Årdal FK: Sivert Larsson, Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Natvik, Fredrik Aspeseter Sørli, Simen Heggheim Mannsverk, Johnny Aspeseter Hgen, Truls Hovland, Nicolai Laberg, Christian Stedje, Joachim Furset og Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim frå 65 min).

– Viss det går gale, tek me med oss dt som er bra likevel. Og det positive med Florø 2-kampen er at me greier å skapa masse sjansar, me er berre ikkje gode nok til å omsetta dei til ml, seier Ivan.
Denne veka gjekk med på ein smell då me reiste rett vest for å møta Florø 2 på heimebane, for det enda med 5-1. Likevel meiner Ivan at det kanskje er eit pittelitt feil bilde av kampen.
– Ja, i den forstand at me kunne ha skåra mange fleire mål. Men me må ikkje ta i frå Florø den kredden at dei spelte ein god kamp og var det beste laget, altså!
Denne helga er det nye sjansar når Skavøypollen kjem på besøk.
– Her har me ein gylden muligheit til å gå ut og visa for kvarandre at me er bedre enn det som skjedde mot Florø i form av sjansar, og at me har muligheit til å visa at me verkeleg kan dette her!

Ivan legg ikkje skjul på at han har ei aldri så lita høne å plukka med «Polljen». Oppgjeret i vårsesongen enda som kjend 1-1, noko som forsatt plagar han.
– Det er vel noko av det verste eg har sett for vår del. Det var mørkt, kan du sei.
– Det som er skummelt er at Sogndal 2 har slått Skavøypollen 10-0 to gonger, seinast sist veke. Og då trur folka våre at då kan me sikkert vinna minst 5-0. Dermed går ein på bana og seinkar intensiteten i det ein vanlegvis gjer. Det er å lura seg sjøv med å tru at ting går lettare fordi me møter eit lag som har tapt så og så mykje. Det er ei fella me legg opp til sjølv – og som me går i sjølv. Det går berre ikkje, meiner han.

Rutinerte trenar Øy veit nemleg betre.- Det som ofte skjer med lag som har tapt mykje, er at dei går ut i neste kamp og viser ei heilt anna sida av seg sjølv. Me kjem til å møta eit lag som skal bevisa at dei kan retta seg oppatt etter at dei har gtt på ein smell. Skavøypollen har hatt mange veldig gode resultat. Dei slo mellom anna Vik for eit par veker sidan – og me veit jo alle om minst eitt lag som har tapt for Vik…

Det var berre 12 mann i bussen til Florø sist mandag, noko som kanskje er i minste laget. Det er merkbart når tre av spelarane flyttar til Bergen for å studera.
– Det gjer at det blir færre på treningane, noko som også gjev utslag i kvaliteten. Me vil prøva å få studentane heimatt til så mange kampar som mogleg, i alle fall.
Elles har me også fått inn att Ruben Aspeseter, noko me er veldig godt nøgde med.
Me veit kva Ruben er god for, det er også difor det er viktig at me har god kvalitet på treningane, slik at folk får muligheit til å komma seg opp på det nivået me veit dei kan vera på. Me har også ein dialog med eit par andre me gjerne vil ha med oss og som me håpar me greier å finna ei løysing med, seier Ivan.

Til morgondagens kamp stiller heile 17, men me må greia oss utan Kjetil Karlsen, som skal gifta seg – og Ørjan Cafu Skilbrei som er med som støtte på ein så viktig dag.

Derimot gler me oss stort over at troppen og klubben fekk eit nytt tilskot no i kveld, ettersom Stian Laberg (16) no har meldt overgang frå Jotun og er speleklar til kampen.
– Ei skikkeleg gladmelding for oss, heilt klart! seier Ivan.
– Stian har trent med oss sidan i vinter og kombinert det med spel for 6.divisjonslaget og guttelaget til Jotun, men han er definitivt klar for nye utfordringar. Stian er ein veldig spennande type, både som spelar og som person  – og som ein kan venta mykje av framover, og me er utruleg glad for at han no tek steget.

Årdal FK ønsker Stian Laberg hjertelig velkommen i klubben – samstundes som me ønsker store og små supportarar hjertelig velkommen til Jotun stadion laurdag klokka 14.00!