Klart for fyrste treningskamp

Jotun Årdalstangen møter søndag Skavøypoll til årets fyrste treningskamp. Kampen blir spelt i Sognahallen.

Frå fjorårets heimekamp mot Skavøypoll

Jotun Årdalstangen FK har dei fleste spelarane på plass til denne kampen. Nokre
spelarar er allikevel ute, Roy Olsen har operert ei vond tå og må belage seg på
5 veker på sidelinja. Ørjan Styve har problem med eit kne og må operere dette
før han kan vere aktuell for spel for Jotun Årdalstangen FK.

Dei fleste i stallen vil nok få speletid i denne kampen slik at ein får
spelekjensla inn att i kroppen. Kampar er tross alt litt artigere enn
januartreninga og det blir godt å koma i gang igjen.

Kamparena er Sognahallen og avspark er 15:00