Klart for kvalikkamp

Andre påskedag er ein finfin dag for fotball!  

Set av ettermiddagen på Jotun stadion og bli med på årets første offisielle kamp.

Årdal FK og Stryn er blitt samde om å spela andre kvalikrunden i NM måndag 6.april – altså andre påskedag – klokka 14.00.

Denne måndagen er etter kvart blitt ein nokså tradisjonsrik kampdag, anten det er seriestart – som i fjor – eller andre kampar som vert spela denne dagen.

Dermed gjeld det å komma seg nedatt frå påskefjellet i god tid før kampstart.

Kjenner me dugnagsgjengen vår rett, vil det truleg bli både kaffi og kaker å leska seg på, truleg også god musikk både før, under og etter kampen – og generelt god stemning.

Troppen vår har hatt ei lang og god oppkøyring til seriestart og held koken heilt til helgedagsfreden senkar seg neste veke. Me legg sjølvsagt ikkje ut på kvalikkamp uten trening, så det er lagt opp til treningsøkter måndag, tysdag og onsdag – både speleøkter og den vanlege knallharde fysiske økta.

Deretter får spelarar, trenarar og støtteapparat seg ein vel fortjent liten påskerferie fram til søndag. Då må det ei ekstra førebuingsøkt til før cupkampen.

Me minner elles om fotballvet-reglane: Meld fra kvar du går – altså til Jotun stadion, måndag ettermiddag, andre påskedag.

Gå ikkje åleine – ta gjerne med familie, vener, naboar og andre kjende.

Vis respekt for ver og føreforhold: ta med huva, solkrem og godt humør!

Det vert sjøvlsagt rikeleg høve til å lytta til erfarne fotballfolk rundt bana denne dagen, som dei fleste andre dagar.

Årdal FK ynskjer alle ei retteleg god påske – og vel møtt til årets første heimekamp!