Kreftene tok slutt

Det var flott å sjå så lenge det vara.

Kampfakta: Årdal FK – Valdres 1-2 (1-0)
Jotun stadion krøllgras, 01.oktober
Tilskodarar: om lag 120

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra med Erlend Nondal Lereim, Kaupanger og Håkon Stubø, Clausenengen

Gule kort: Marcin Brzycky, Årdal FK og Øyvind Lund og Jonas Rudolph Jørgensen, Valdres


1-0   23 min    Preben Strypet (str)
1-1   63 min    NIklas Håkon Stenquist
1-2   80 min    Mark Doninger 

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Fredrik Aspeseter Sørli (Anders Lereng frå 89 min), Endre Kauppi Straumsheim, Brede Stedje Ylivåsker, Marcin Brzycky (EiriK Lereng fra 83 min), Vegard Aafedt Bukve (Marius Loftheim frå 76 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Preben Strypet, Truls Hovland.

 

Me beviste nemleg nok ein gong  — slik me har gjort ganske mange gonger denne sesongen, at me spelar jamngodt med topplaga når me spelar slik me veit me kan. Så lenge kreftene held.

Det at me feidde Flisa av bana med 4-0, det at me snudde kampen mot Valdres og hadde dei i kne sist me møtte dei, kampane mot Hauerseter og dessutan også Skedsmo og Fu/Vo, har alle vore bevist på akkurat det.

Ole Gunnar Bukve Kjødnes

Me gjorde ein veldig god første omgang, der me hadde minst fire store sjansar til å både ta leiinga og auka, men to gonger stang-ut og eit par litt for svake avslutningar gjorde sitt til at me først tok leiinga då Preben Strypet skåra på straffe.

Det holdt til pause og eit stykke ut i andre omgang.
På stillinga 1-1 heldt me forsatt stand, men det vart for tøft i det lange løp, og Valdres kom langt meir med i kampen utover i andre omgang og skapte ein god del fleire sjansar enn i første.

Vegard Aafedt Bukve

– Når me går tom for krefter er det fordi treningsgrunnlaget til fleire av spelarane er annleis no enn tidlegare i sesongen.
Då er det klart at blir det vanskelegare for oss å få til den spelestilen me har, seier trenar Ivan.

– Det er rett og slett for store hol i den løpkraften til folk, noko som gjer at me ikkje greier å halda heilt ut.
I tillegg har me også litt «feil» balanse idet at dei fleste innbyttarane våre er offensive unggutar, der me i slike tilfelle gjerne skulle ha hatt muligheiten til å sette inn folk defensivt.
Motstandarane set inn folk i alle ledd, mens me kan kun gjera offensive bytter, forklarer han.

– Det som er veldig gledeleg her, er at når me har krefter, slik som heile første omgang og langt ut i andre, er me bedre enn mange av topplaga.
Me spelar trass alt mot lag som brukar hundretusenvis av kroner på å løna profesjonelle utanlandske spelarar.

Truls Hovland

Ettersom me med våre 35 poeng framleis ligg på åttandeplass, er håpet om å få spela i den nye 3.divisjonen neste sesong dermed ute.
Det betyr at me spelar i det nye 4.divisjonen neste sesong.
Det bekymrar ikkje trenarteamet nemneverdig.
Me har trass alt vunne over halvparten av kampane våre, i tillegg til eit par uvgjort. Lag som gjer det, rykker vanlegvis ikkje ned.

Ivan og Jan Kåre


– Det blir litt feil å kalla det eit nedrykk, slik sett. Det er ei omorgansiering som gjer at me havnar i 4.divisjon – ikkje eit tradisjonelt nedrykk.
Når heile ni lag rykker ned, ser me ikkje på det som eit nedrykk. Me har vore solide i heile år og me ligg trygt på tabellen.

Og uansett kva det blir kalla, om det er 4.divisjon eller femte nivå eller kva det måtte vera  – er det no framleis eit faktum at me ikkje har fleire lag over oss på landsbasis enn me har hatt før.

Meir detaljert kampreferat her! 

Neste helg er det ny bortekamp, då mot Aurskog/Høland.