Kristiansund reiste med poenga

Me sløsa med sjansane og gjekk på eit skikkeleg surt tap då KFK kom på besøk. 

Årdal FK – Kristiansund FK 1-2 (1-0)

Jotun stadion

TIlskodarar: om lag 150

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra med Jarle Andersen, Syril og Simen Solbakken Skjerven, Kaupanger.

Gule kort: Marcin Brzycky, Årdal og Andreas Stensrud Nilsen, John Erik Klinge og Lars Kvalvik, KFK.

1-0   34 min   Christian Stedje

1-1   47 min   Andreas Stensrud Nilsen

1-2   73 min   Pa Ousman Jammeh

Årdal FK: Preben Gilleshammer, Kjetil Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Eirik Rode, Endre Kauppi Straumsheim, Marcin Brzycky (Terje Kvam Øvstetun), Vegard Aafedt Bukve (Martin Severin Gullaksen fra 70 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Truls Hovland, Christian Stedje, Robin Moheim. 

Christian Stedje og Vegard Aaffedt Bukvejublar etter at Christian gav oss leiinga.

Det var ein av dei kampane me aller helst skulle vinna, på heimebane og alt – men sjølv om me leda til pause etter skåring av Christian, snudde Kristiansund FK kampen og tok med seg alle tre poenga heim.

Nøyaktig korleis det gjekk føre seg, er å lesa på Firda live, slik det blir fortalt frå speakerbua på Jotun stadion.

– Me kjem ut i andre omgang med ein ganske god plan, men me får ikkje sett han i verk før me får ein utlikning frå KFK, me kjem liksom ikkje heilt i gang, seier Ivan.

– Og me lagar unødvendige frispark som er med på å produsera muligheiter for dei, det er noko me må unngå, fordi me veit dei er gode på dødballar.  I første omgang let me KFK få lov til å vera gode – me spelar mykje oss i mellom og gjer det vanskeleg. Men me tek litt grep om dette utover i andre omgang, tykkjer eg, og skapar ein god del.

– Når me då i tillegg ikkje sett dei store sjansane me greier å produsera, da blir det vanskeleg, altså, seier han, og tenker først og fremst på ein kjempesjanse me hadde til å utlikna i det 58.minutt, då Truls gjorde forarbeidet og Robin sette ballen like utanfor.

Robin Moheim

Like etter rota me på eit kast og mista ballen på eigen banehalvdel, noko Pa Ousman Jammah såg sitt snitt til å utnytta. Det enda med 1-2.

– Det er desse store sjansane me må setta om me skal sanka poeng. Me har sjansen til å få 2-1, men i staden blir det 1-2 like etter. Det er litt kommunikasjonssvikt og me slepp dei lett til. Generelt sett står karane på. Det er litt symptomatisk dette her, det at me ikkje skårar på desse store sjansane. Det hadde blitt eit heilt anna kampbilde om me hadde gjort det, trur trenaren.

 

Men han er fast bestemt på å ikkje henga med hovudet, sjølv om me forsatt ligg under den berykta streken med 14 poeng og Eid og Skarbøvik halsande bak.

– Me må berre legga dette bak oss og sjå fram til neste helg, då skal me gje Stryn skikkeleg motstand, seier han.

– Det blir eit rotterace, dette her utover. Men det er bra guts i gjengen, eg er sikker på at me kjem tilå ta nokre overraskande poeng etter kvart, det har me gjort før – det vil skje igjen!

Eirik Rode

 

– Neste helg er Preben også attende, det blir eit godt tilskot til troppen. Eg håpar konkurransen om plassane på laget vil skjerpa resten av gjengen litt óg –  og me veit jo frå før at Strypet kan skåra mål, så det er klart, me håpar det vil hjelpa. 

 

Jan Kåre Stedje og Ivan Øy