Kvalitet i alle ledd

Sluttresultatet var kanskje så som så, men me er nøgde likevel.

Valdres vann fortent 4 – 0 over Årdal etter ein fin fotballkamp i hallen på Leira. Det sto 2 – 0 til pause, og heimelaget var betre enn oss i det meste.

Likevel må me gje laget vårt honnør for fin vilje og innsats, og me sto verkeleg på heile kampen.Nokre av kontringane våre kunne og resultert i mål, men Valdres var nok nærmare 5 – 0 enn me var redusering.

Kampen var ein del av ein miniserie, som vert spelt gjennom vinteren i storhallen på Leira. Førstelaget har Valdres og Hallingdal i pulja si, medan andrelaget vårt skal møte ein del av dei lokale laga i nabodalen.

Dette var ei positiv oppleving, der arrangøren tok fint imot oss, hadde 4 dommarar på plass ( 4. dommar, altså…), og med innmarsj og skikkeleg speakerteneste og svært lystavle, tykte me at dette var flott.

Dommarkvartetten vart leia av Vidar Hilmen, ein mangeårig gjest på Jotun stadion og ein utruleg god fotballspelar i si tid, så her var det rett og slett kvalitet.

Laget vårt denne gongen var slik:

Sivert Larsson, Elias Moen ( Edin Turkovic Alme frå 68. min. ), Brede Stedje Ylvisåker, Stian Laberg, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Kjødnes, Kjetil Karlsen, Edvin Hestetun ( Eirik Thomassen frå 60. min. ), Terje Øvstetun, Joachim Furseth, Espen Rudi ( Stian Klingenberg frå 68. min. ).

Som ein ser, var det mange unge spelarar på laget vårt denne gongen, og dei gjorde sakene sine svært godt. Best hjå oss var Sivert, men alle skal ha skryt for prestasjonen i dag.

Spesielt gledeleg var det og å sjå Kjetil Karlsen attende i trøya vår etter ein sesong på sidelinja. Han trenar for tida til maraton i Paris til våren og synte særs lovande takter i comebacket, som bar preg av at Karlsen har brukt særs mange timar på mølla i det siste.

Det er dessutan også alltid like kjekt å sjå Edvin Hestetun, som igjen vil bli ein viktig mann for oss, både på bana og i bussen.

Etter planen skulle også andrelagt ha spelt kamp i dag, men ettersom me mangla såpass mange spelarar, hadde me ikkje muligheit for å stilla lag til to kampar. Litt trasigt, sjøvlsagt, me håpar å komma sterkare att.