Lændis er klar for eliteserieklubb

ÅFK2-keeperen går fra 6.divisjon til eliteserieklubb.

Leander Øy (15) har skrive kontrakt med Sarpsborg 08 og er klar for klubben frå hausten av, opplyser trenarpappa Ivan Øy. Han skal i første omgang spele for G19 laget.

Keepertalentet står i Jotun, og vakta buret på samarbeidslaget Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen i 6-divisjon i fjor. Han vart også kåra til Årets spelar i fjor haust.
15 år gamle Leander har følgt i keeperfotspora til morfar Åge Sem-Johansen og har teke store seg dei siste sesongane. Det skuldast nok mest av alt ein treningsvilje og eit engasjement me sjeldan har sett maken til.

Leander flyttar austover i løpet av sommaren og blir klar for Sarpsborg 08 i samband med skulestart. Tiandeklassingen skal ta til på toppidrettslinja på St Olav vidaregåande skule.

– Me gler oss sjølvsagt på Leander sine vegner, dette er noko han har satsa mot lenge, seier Ivan.
– Først og fremst får han ein veldig god treningskvardag, i tillegg til at det blir kombinert med skulegang som også gjev han moglegheit til å utvikla seg vidare og ta nye steg.

Me gratulerer så mykje og ønsker Leander lykke til!