Låneavtalen er over

Jotun leigde forrige sesong inn Bjarte Hovland frå Sogndal for å ha dekning på keeperplassen. Denne avtalen er no over.

Bjarte Hovland på Jotun trening

Jotun Årdalstangen må sjå seg om etter ny reservekeeper etter at Bjarte Hovland takka nei til
spel for 2. divisjonsklubben neste sesong. Bjarte var på lån i frå Sogndal og
spelar mest sannsynleg for dei kvitkledde neste sesong.

Bjarte spelte 5 kampar for Jotun forrige sesong, 3 kampar i Firda Avis Cup, 1
treningskamp og eit innhopp i serien. Høgdepunktet var nok finalen i Firda Avis
cup som enda med siger etter godt spel.

Jotun og Årdalstangen har gode målvaktar på guttenivå, både Preben Gilleshammer
og Bjørnar Øvstetun er klar for deltakelse i ei talentsamling for dei beste
målvaktene i fylket. Men 2. divisjon 2004 kjem nok for tidleg for desse.

Her er dei som deltek på samlinga i desember:

Kjell P. Opheim og Arild Bolset (Stryn), Aksel Myklebust (Eid), Jøran Rise og
Bjørn R. Hennøen (Skavøypoll), Terje Hauso (Saga), Lasse V. Asperanden og Rune
Loven (Kaupanger), Vegard Løken (Haugen), Terje Myren (Høyang), Preben
Gilleshammer
(Jotun), Bjørnar Øvstetun (Åtil), Tom Ø. Solheim
(Selje), Kristoffer Grodås (Hornindal), Bjørge Fedje (Sogndal), Bjørnar
Johannessen og Stig O. Roth (Florø).