Leander på treningsopphald i Sarpsborg

Keepertalentet har denne veka vore i Sarpsborg der han har fått trent med U19-laget.

– Det var kjekt å få trena med eit så godt lag som Sarpsborg. Inntrykket mitt av klubben er bra, og eg synst det var eit profesjonelt opplegg rundt klubben, seier 15-åringen.

Pappa Ivan seier at Leander fekk invitasjon for å koma ned å sjå på forholda å vera med på treningane til G19-laget, og legg til at invitasjonen kom på bagrunn av at trenaren på skyggelandslaget, som Leander har vore på, er keepertrenar på Sarpsborg G19.

– Ein ting er å bli teken ut på skyggelandslaget for å kjempa om ein plass på landslaget. Ein anna ting er å bli invitert på slike treningsopphald. Det viser berre at det er eit potensiale i guten, seier Øy senior.

Han kan fortelja om eit flott opphald i ein godt driven klubb.

– Det er jo ein eliteserieklubb. Så det er kjekt å sjå kva dei driv med.

Leander var i Sarpsborg frå måndag til torsdag i vinterferien.

Etter sesongen vart etter fjorårssesongen kåra til årets spelar på samarbeidslaget Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen.

– Han er ein spelar som er utruleg treningsvillig, sjølv om han ikkje så ofte er på våre treningar, sa ÅFK 2-trenar Jan Are under prisutdelinga.

– Men Leander stiller opp i kamp og har hatt ein enorm utvikling. Han er seriøst i alt han driv med på trening og han tek til seg råd, han lyttar. Leander har vore stabilt god gjennom heile sesongen og det er nesten utruleg å tenka på at han faktisk berre er 15 år. Han har verkeleg framtida foran seg, sa han.