Magisk comeback av Pirri

Per Einvald Aspevik (41) gjorde eit magisk og svært akrobatisk comeback på fotballbana, og sørga i høgste grad for at kampen mot Høyang ikkje enda med poengtap.

Keeperveteranen henta fram keeperspel frå øvste hylle. Fleire gonger i løpet av kampen måtte «Pirrien» henta fram det eine tigerspranget etter det andre, og bidrog sterkt til at alle poenga blei verande i Årdal.

Det var gjestene frå Høyanger som kom best i gang i industriderbyet. Etter 18. minutt vart Joakim Måren spelt gjennom og åleina med Aspevik var angriparen iskald. Vår eminente kaptein Brede Stedje Yvisåker fiksa balanse i rekneskapen då han utlikna på straffespark etter 25. minutt. Christian Stedje vart lagt i bakken på ulovleg vis og domar Tommy Skjerven peikte på 11-meteren.

På overtid av 1. omgang dukka Nicolai Laberg opp mellom stopparparet til Høyang og styrte eit innlegg frå Johnny Aspeseter Hagen rett i kassa til 2-1, som var pauseresultatet på Jotun stadion.

Gjestene frå Høyanger var friske i starten av 2. omgang, men det var heimelaget som fekk utteljing på sin første sjanse. Terje Kvam Øvstetun mottok ballen på kanten av femmeteren, la ballen til rette og klinka til med strak rist i motsett hjørna til 3-1.

Mot slutten av oppgjeret kom Høyang til fleire store sjansar, men Pirrien nekta laget frå Ytre Årdal fleire scoringar. Så 3-1 vart det til slutt. Me takkar Høyang og dommartrioen for kampen – og takk til alle som var med oss på Jotun stadion.

Les om kampen minutt for minutt via Firde sin livesending her.

Kampfakta:

Årdal FK – Høyang 3-1 (2-1)

Kretsligaen, Jotun stadion, fredag 09. juni

Mål: 0-1 Joakim Måren 18. min, 1-1 Brede Stedje Ylvisåker 25. min, 2-1 Nicolai Laberg 45. min, 3-1 Terje Kvam Øvstetun 55. min.

Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger, Jarle Andersen, Syril, Øystein Skjerdal Bondevik, Sogndal.

Gule kort: Fredrik Sørli og Christian Stedje, Årdal FK

Tilskodarar: 250

Årdal FK: Per Einvald Aspevik, Johnny Aspeseter Hagen, Brede Stedje Ylvisåker, Andreas Natvik, Fredrik Sørli, Nicolai Laberg (Sander Bjørkum Øvstetun frå 81. min), Vegard Aafedt Bukve (Simen Mannsverk frå 65. min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Joachim Furset frå 87. min), Joachim Furset (Anders Lereng frå 46. min), Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim frå 78. min), Christian Stedje.