Mållaust mot Fjøra

Men det eine poenget føles som (nesten) som tre..!

– Dette eine poenget, det er ein seier sett i forhold til at me hadde 8-1-tapet i cupen friskt i minne. No har me ei ny historie å gå vidare med, seier Ivan.

Me visste godt at det kom til å bli tøffe tak med serieleiar Fjøra på besøk sjølvaste 16.mai. Sogndølene har tross alt ikkje gjett frå seg eitt einaste poeng så langt i sesongen, og hadde garantert ikkje tenkt seg å legga at nokon her i Årdal heller, ikkje på fotballens festdag.

– Men me gjekk ut der og var enige om at me måtte vera veldig på dei. Me kunne ikkje gje dei arbeidsro og sleppa dei til, då blir me for baktunge og gjer oss sjølv ein bjørneteneste. Så me måtte berre tora å stå høgt på dei til tider – og det greidde me bra, er Ivan sin konklusjon.

Det røynde på mot slutten. Då hadde me kjempa ein hard kamp og lagt ned utruleg mykje innsats i 2×45, spesielt bakover – men også offensivt. Ein særs kompetent jury kåra forresten Fredrik Aspeseter Sørli til dagens årdalspelar, i skarp konkurranse med ti andre som la ned mykje god innsats.

– Me skapte faktisk ein heil del framover og har fleire muligheiter til å laga mål gjennom heile kampen, men er litt for upresise. Likevel, Fjøra leiar serien og kjem inn her i flytsona si og går på sitt første poengtap, det tek me med oss vidare.

Og det kjem godt med, for det er travle tider på Jotun stadion om dagen. Allereie kommande måndag er det ny kamp, då mot Tornado Måløy – før me har ny heimekamp att fredag 25. mai.

Takk til alle som var med oss og gjorde 16.mai-kampen til ei finfin fotballoppleving, takk til russen, takk til Fjøra og dommartioen med røynde Per Oddvar Lien i spissen og takk til alle som var med oss på FirdaLIVE, som alltid plettfritt oppdatert av Frank Øyre.

Det kan du forresten lesa her!

Kampfakta: Årdal FK – Fjøra 0-0
Jotun stadion, gras, 16.mai 2018

Tilskodarar: om lag 300

Gule kort: Ole Gunnar Bukve Kjødnes og Vegard Aafedt Bukve, Årdal FK og Joar Hoberg og Malvin Gjerde, Fjøra.

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang med Jarle Andersen, Syril og Endre Stedje, Sogndal

Årdal FK: Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Terje Kvam Øvstetun, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Simen Mannsverk, Nicolai Laberg, Johnny Aspeseter Hagen, Anders Lereng (Joachim Furset fra 80 min).