Martin er tilbake!

Det har blitt gjensyn med Martin Severin Gullaksen i ÅFK-drakta dei siste to vekene. Martin er nemleg heime på sommarferie frå studiane, og har meldt seg til teneste.

Sist helg var han med som innbyttar i 4.divisjon mot Tornado Måløy, denne veka skåra han også eitt av måla då Årdal Fk 2/Jotun/Årdalstangen slo Kaupanger 2 heile 19-0.

– Me har som alle veit ein litt for tynn tropp, så me er veldig glade for at me får ein «ferievikar» i form av at Martin blir med litt framover. Han er ein fin fyr, me veit godt kva han står for, og sjølv om han kanskje ikkje har så mykje kamptrening akkurat no, trur me det kan ta seg for opp, seier trenar Ivan.

Me ønsker Martin velkommen heim!