– Me er rimeleg godt nøgde

Årdal FK2/Jotun Årdalstangen har hatt ein god start på sesongen i 6.divisjon og ligg førebels på ein fin-fin 2. plass.

– Me har spelt fem kampar, av dei har me tapt to og vunne tre, så me er rimeleg godt nøgde, seier lagleiar Geir Kjetil.

Sist helg spelte andrelaget mot topplaget Eikefjord. Sunnfjordingane vann 4-2, etter å ha leia 3-0 til pause. Etter kvilen auka heimelaget til 4-0, før årdølene vakna. Kaptein Simen Heggheim Mannsverk tok ansvar og scora to kjappe på slutten, men opphentinga byrja desverre for seint.

Før toppkampen mot Eikefjord vann årdølene enkelt og greitt heime på Cuba mot Hyen, utan at kampen sikkert går over i historiebøkene av den grunn.

– Det er tre poeng og null baklengsmål, det får me seia er ein heilt grei sak på ein sånn dag, seier Øvstetun.

Me har vore litt prega av sjukdom i den seianare tida, kampen mot Breimsbygda/Jølster 2 var til dømes veldig prega av det. Då var me dårlege, legg han til.

I første omgang mot Hyen skåra Simen Mannsverk tidleg på straffe, medan Anders Lereng sette inn 2-0 like før pause.
– Det var ein grei førsteomgang, men me må vel vera så ærlege å seia at både tempoent og kvaliteten datt litt jamnt og trutt utover i andre omgang. Til slutt vart det nesten gåfotball. Og Hyen stiller med berre 11 mann, mens me har 18, så det burde kanskje vore meir.

– «Luksusproblemet» er at alle må få spela – me skal spela både heime- og bortekampar no i åvr og utover hauste, så alle må få vera med og spela. Då kan det bli litt vanskeleg med kontinuiteten når me skal gjera så mange byter på kort tid, det såg me i andre omgang, seier Geir Kjetil.

– Skal me seia at det er ei lita trøyst at me har teke fleire poeng enn førstelaget så langt? Hehe. Dette er eit tilbod til alle som vil spela fotball, det er faktisk det viktigaste her.
Det tyder at Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen i skrivande stund toppar tabellen framfor Breimsbygda/Jølster 2. Dagens motstandar Eikefjord har på si side ein kamp mindre spelt og ligg to poeng bak.

Kampfakta

Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen – Hyen 2-0 (2-0)
6.divisjon, avdeling 1
Cuba stadion søndag 28.mai
Tilskodarar: 94

Dommar: Håkon Stubø, Syril IL

Gule kort: Sander Bjørkum Øvstetun, Årdak FK2/Jotun/Årdalstangen og Anders Ommedal, Hyen
1-0   03 min   Simen Mannsverk (str)
2-1   42 min   Anders Lereng
Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen: Tobias Herstad, Mathias Rinde, Gjert Nygård, Malin Solem, Sander Bjørkum Øvstetun, Simen Heggheim Mannsverk, Stian Laberg, Alexander Asperheim Barsnes, Marius Loftheim, Benjamin Turcovic Alme, Anders Lereng.
Innbyttarar: Alex Majo, Ruben Kubendran Aspeseter, Kenth Lægreid, Stian vee, Lasse Mjølvær, Mats Askeland Kauppu og Gøran Moheim.