– Me visste kva som venta oss

Morten redda dagen med to flotte skåringar i Vik i kveld.

 

Me måtte slita for poenga i dag, slik me ofte må gjera mot Vik. Dagens motstandar satsa på svært lange pasningar og lite finspel, noko som til tider gjorde det vanskeleg for oss å spela ball.

Likevel hadde me føringa i fleire periodar av kampen og vinn i følge augevitne fortjent etter at superveteran Morten Brandsdal – med fra start – skåra to gonger på typisk Brandy-vis.  

– Eg tykkjer me gjer ein bra kamp, og eg tykkjer me vinn heilt fortjent. Vik veit me jo er eit lag med mykje innsats, dessutan er dei veldig gode på dødball – det var dei også farlege på i dag, spesielt med ei heading i tverrleggjaren.

Likevel, me vinne fullt fortjent, og det er veldig mange som gjer ein bra kamp, mellom anna er backreka er god denne gongen, men i bunn og grunn er det god kollektiv innsats som gjer at me dreg i land tre poeng her, seier Nils Tore Krosshaug om oppgjeret.

Kaptein Ørjan Stedje Ylvisåker vart tildelt Firdastjerna for sin innsats i dag.

Han har følgande oppsummering av slaget.

– Me visste vel kva som venta oss. Kampar mot Vik blir ofte tut og køyr og i dei første 30 minutta var det stillingskrig der begge laga kunne ha leda. Etter ein halv time tok me over banespelet og hadde dei fleste sjansane.

Me hadde vel omtrent 70-30 i ballinnehav resten av kampen, noko som ikkje er heilt vanleg.

Laget hadde god kontroll bakover og me skapte etterkvart fleire sjansar framover.

Vik var småfarlege på kontringar og dødballar. Dei hadde bl.a ein headding i tverrliggaren på ein corner.

Alt i alt so var det ein fortjent lagseier som me rodde greit i land, seier kapteinen.

– Alltid kjekt å slå Vik og samtidig halda tett bak. Brandsdalen viser jo for ente gang at han veit kvar målet står, men det var fleire som måtte gni seg i augene da han på sett og vis sprang frå to Vik-spelarar på andre målet:)

Me fulgte kampen

Kampfakta: Vik – Årdal FK  0-2 (0-0)

Vik stadion

Tilskodarar: 48, 2 årdøler:)

Dommar: Ståle Sandal, Florø

0-1 46 min Morten Brandsdal

0-2 85 min Morten Brandsdal

Årdal FK: Stian Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Ole Einar Rebni, Ørjan Stedje Ylvisåker, Ingi Hilmarsson, Tim Teigen (Johann Traustason frå 57 min), Jonas Hestetun (Jørn Skjeldestad frå 69 min), Edvin Hestetun (Allan Jørgensen frå 63 min), Preben Strypet, Morten Brandsdal og Christian Stedje

På benken: Geir Nordnes, Ole Morten Jevnaker, Fredrik Prestegård, Allan Jørgensen, Johann Traustason og Jørn Skjeldestad.