Møter Eid i cupen

Norges fotballforbund har sett opp Årdal mot fjorårets seriemeister i 4. divisjon i den første kvalifiseringsrunden til NM-cupen.

Sjå fullstendig oppsett her.

Kampane skal avviklast innan 29. mars, der laga skal sjølve bli samde om kampdato.

Sist Årdal og Eid møttest var i seriesamanheng i 2015. Då vann Årdal FK 6-2 på Jotun stadion, medan det vart uavgjort i Nordfjord.

Totalt sju lag frå fylket deltek i NM-cupen i 2017. Fjøra, som spelar i 3. divisjon den komande sesongen, møter Skavøypollen som kom på 2. plass i 4. divisjon i fjor, medan Stryn møter Volda frå Sunnmøre.

Florø og Sogndal kjem inn i første ordinære runde i cupen.