Møter Fjøra i treningskamp

Det har vore ein del justeringar av treningskampane framføre sesongstart og ein av desse endringane er eit møte med Fjøra onsdag kveld på Jotun stadion. Heimelaget stiller redusert og vil la dei fleste få prøve seg i oppgjøret mot fjøredn.Ole Gunnar laga to mål i fyrste treningskamp. Held han fram mot Fjøra...? (Arkivfoto)

Ellers så blir dette fyrste høvet for Øystein Vetti til å vise seg fram på Jotun stadion. Ein annan det har vore spekulert i ei stund er Benny Rivedal. På fredag vart det klart at han ikkje blir å finna i Årdal FK neste sesong. Etter det redaksjonen kjenner til så held han fram i Førde drakt også neste sesong.

Denne kampen blir og spesiell for Arild Underdal som får sjansen til å skåre mot gamle lagkameratar.

Kampen har avspark 18:00