Møter Hovding i Vestlandshallen

Jotun Årdalstangen FK reiser denne helga til Bergen og møter Hovding i Vestlandshallen. JÅFK var til tider gode mot KFUM, Hovding er nok hakket betre.
Søndagens motstandar Hovding kom på fjerdeplass i 2. divisjon avd. 3 forrige sesong. Laget blir i år trena av Kjetil Knutsen og Trond Egil Soltvedt, av spelarar er vel Bjarte Vatlestad mest kjent for oss indresogningar.

Kampen har avspark søndag klokka 15:00. Rett etter kampen til fyrstelaget skal andrelaget ut i kamp mot Jerv, det blir såleis ein hektisk søndag for våre gutar.

Treningskampar Hovding 2004:

Hovding – Vard 0-2
Fyllingen – Hovding 4-1
Hovding – Løv Ham 3-2
Åsane – Hovding 2-2
Hovding – Follese 3-0