Møter Norheimsund i Sognahallen

Jotun Årdalstangen FK møter søndag 2. divisjonslaget Norheimsund IL til kamp i Sognahallen. Denne kampen vil nok gje oss betre svar på kvar me står i slutten av januar.

Norheimsund spelar Stig Edvin Aksnes til
høgre

Søndagens motstandar er til liks med Jotun Årdalstangen FK nyopprykka til 2.
divisjon. Norheimsund vann avd. 15 i Hordaland med 4 poengs forsprang til Lyngbø
som enda på plassen bak, laget blir trent av tidlegare Brann trenar Tor Todesen.

Klubben hadde og med ein spelar på 2. divisjonslandslaget mot RBK i Abrahallen,
dette var 26 år gamle Stig Edvin Aksnes. Han kom inn ved pause og spelte dei
siste 45 minuttane. Norheimsund IL har og vore i kontakt med Geirmund
Brendesæter om overgang til klubben. Den tidlegare tippeligaspelaren har fått
eit tilbod, men etter det me kjenner til er ingenting avklara enno.

Kampen går i Sognahallen Søndag 1.2.2004 klokka 14:00.

Bilde er henta frå

Norheimsund
sine heimesider.