Møter Stryn i neste runde

Stryn kjem på besøk til Jotun stadion for å spela andre kvalikrunde i cupen.

Marcin Brzycky gløymer nok ikkje forrige kamp mot Stryn med det første...

Våre gamle kjenningar Stryn kjem til Jotun stadion i næraste framtid for å spela andre kvalikrunde i cupen. Det vart klart etter at NFF offentleggjorde trekninga i ettermiddag.

Kampane skal vera avvikla seinast 8.april, men kan godt skje på eit tidlegare tidspunkt dersom klubbane blir samde om det.

Stryn enda i motsett ende av 3.divisjonstabellen i fjorårssesongen og tok seg til ein finfin andreplass, mellom anna etter at dei tok med seg tre poeng frå Jotun stadion i vårsesongen. Her vart det 0-2-tap for vår del. I returkampen i oktober fekk me med oss eitt særs viktig poeng frå Stryn, då me spelte 0-0.

Sistnemnde er for øvrig ein kamp Marcin neppe gløymer med det første, ettersom han kom rett frå fødestova til kamp og i høg grad var medverkande til at me fekk med oss dette eine livsviktige poenget.

Me slo som kjend Nordhordland 2-3 i første kvalikrunde sist helg, medan Stryn på si side slo ut Fjøra etter 1-2-seier.

Alle som har følgt årdalsfotballen dei siste åra, veit at oppgjera mellom Årdal og Stryn særs sjeldan er av dei mållause. Det faktum at cup er cup, gjer det heller ikkje mindre sannsynleg at det kjem til å bli ein tett og intens kamp mellom to innbitte motstandarar.

Me ynskjer Stryn velkommen til kamp og kjem attende med dato og tidspunkt så snart det er fastlagt.