Møtte veggen på Eid

Då Eid tok leiinga etter berre fem-seks minutt, trøysta trenarteamet Øy og Stedje seg med at det gjorde Ajax mot Tottenham i semifinalen òg…

– Me håpte me skulle greia ein Spurs, me òg. Men det er for mykje Liverpoolfans på laget, meiner Ivan. Og kan ikkje anna enn å le litt oppgitt.

Han omtalar akkurat den skåringa var servert på eit sølvfat av ein størrelse Eid aldri har sett maken til, etter at ein feilpasning i åvre eigne rekker sende ballen rett i fanget på ein heimespelar, som i sin tur sørga for ein trå start på kampen for vår del.

– Det andre målet var rett og slett eit uhell, det er ikkje så mykje å gjera med, sånt skjer, er konklusjonen.
Men der Spurs henta seg meisterleg innatt, utlikna for så å skåra seks minutt på overtid, kom me ikkje lenger enn til ei redusering. Den skjedde tilgjengjeld på spektakulært vis då Truls Hovland sette inn eit vakkert, vakkert frispark rett etter pause.

Eit par minutt etter det skåra Eid sitt tredje mål for dagen, rigga seg deretter til for å demma opp.
– Dei låg djupt og det vart veldig vanskeleg, dei stod godt i mot, seier Ivan.
Han mangla fire mann sidan forrige kamp og hadde dessutan litt rusk i maskineriet å hanskast med akkurat i dag.

Det er ei stor omveltning sidan forrige kamp, det er ikkje optimalt, det er bånn i bøtta. Me var godt i siget med to sigrar no og skulle veldig gjerne hatt alle poenga i denne kampen her òg.
Eg vil ikkje bruka det som nokon unnskyldning, men det er forklaring, i alle fall.

Det som er særdeles gledeleg er at Ørjan Cafu Skilbrei er attende i den raude trøya og spelte fra start i dag.
– Og han gjorde det aldeles strålande. Me er veldig, veldig glade for at han er tilbake, seier Ivan til det.
– Ørjan er topptrent og vel så det, legg assistent Jan Kåre til.
– Det er klart at når Årets spelar vel å komma tilbake, så er det eit stort løft for oss, ganske enkelt. Ørjan brettar opp ermane og går i spissen, det er ein slik spelar typen han er. Han stiller krav til seg sjølv, og med slike folk på laget er det også lettare å stilla krav til resten av spelagruppa.

Ørjan Cafu Skilbrei takka for seg etter å ha blitt kåra til Årets spelar 2018. Då gjorde han det klart at han ikkje var nøgd med laget og ambisjonsnivået og kritiserte dessutan ein del haldningar som han meinte gjorde seg gjeldande internt i spelargruppa.
– Og eg skjønnar at han var lei, med tanke på kor mykje innsats han sjølv har lagt ned over mange år, medan andre ikkje tek det like seriøst, seier Ivan til det.

Sjølv seier Cafu at han ser ei tydeleg endring frå i fjor.
– Eg tykkjer dei spelarane som no er komne inn spelagruppa er gode folk, seier han og viser til at Årdal FK har styrka stallen med mellom anna Truls Hovland og sambygdingane hans frå Lærdal, Eirik Rode og Serif Isic.
– Det er spelarar som i tillegg til å vera gode spelarar også er typar eg sakna i laget dei siste åra.

Dei stiller krav til seg sjølve og andre og forsterkar laget både i kamp og ikkje minst på trening.
Det er seriøse guttar som har dei eigenskapane eg peika på var sakna i laget.
Breidden i troppen gjer no kamp om plassane på laget, det tykkjer eg er veldig bra.

– Dei nye tilvekstane i stallen gjer at eg vil vera med på dette. Eg sa ikkje nei til vidare spel fordi eg var lei av fotball, det var fordi eg ikkje tykte laget var konkurransedyktig nok.
No er det det – og eg vil gjerne vera med. Eg gler meg stort. Det er sjølvsagt mogleg at folk reagerer på at eg blir med etter det eg gjekk ut med i fjor haust, men eg trur både trenarane, spelarane og ein del andre i det store og heile var samde med meg, det var i alle fall det eg fekk tilbakemeldingar på.

Me ønsker Cafu hjertelig velkommen tilbake!
Og ser framover mot 16.mai-kamp mot Høyang her heime på Jotun stadion.
– 16.mai er alltid kjekt og det blir spesielt flott i år, sidan det er Høyang som kjem på besøk, seier Ivan til det.
– Me skal reisa oss og gjera alt for å framstå på den måten me gjerne vil og laga ein skikkeleg festkveld på stadion.
Vel møtt, folkens.

Meir om kampen mot Eid er å lesa her på FirdaLive.

Kampfakta: Eid – Årdal FK 3-1 (2-0)
Eid stadion, laurdag 11.mai

Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger med Therese Figved, Studentspretten og Kjell August Ytre-Eide, Stryn

Gule kort: Kjetil Karlsen, ÅFK og Petja Cink og Johan Skorge, Eid

1-0 06 min Marius Henriksen
2-0 30 min Johan Skorge
2-1 49 min Truls Hovland
3-1 53 min Johan Skorge

Årdal FK: Sivert Larsson, Serif Isic, Kjetil Karlsen (Anders Lereng frå 90 min), Brede Stedje Ylvisåker, Eirik Thomassen Øren (Elias Furseth Moen frå 72 min) Anders Lereng (Nicolai Laberg fra 46 min), Joachim Furset, Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Christian Stedje frå 77 min), Ørjan Cafu Skilbrei, Terje Kvam Øvstetun, Truls Hovland