Nådde ikkje fram


– Skavøypoll skapar sjølv lite i kampen, men når me er i det gavmilde hjørnet scorar dei 3 mål.

 

Trenar Nils Tore har fundert litt over kampen mot Skavøypollen:
Før kampen på spelarmøte, var eg opptatt av at uanasett motstander, må me ta dei på alvor
Eg bemerka tydeleg at Skavøypoll i haust har fått bedre struktur og dei har hengt det offensive spelet på nokre få knaggar og hatt fokus på få overgangar.

Dette har noko med det at Vidar Sandal har komme inn i trenarteamet til Skavøypoll å gjera – mannen er særs dyktig!
Tydelegvis nådde eg ikkje inn i alle hovuda hjå oss,og det må eg ta ansvar for.

La det vera sagt: i antall sjansar so er me totalt overlegne. Me kunna ha scora både fem og seks mål, men me var ikkje gode nok når sjansen baud seg.

Første omgang er det ikkje sprut i heile tatt av oss, og sjølv om me har ballen stort sett heile tid, er det for få samtidige bevegelsar. Me er ikkje gjennombruddhissige nok, og vart brotne med dårlege, nonchelante valg og lite vilje til å reperere balltap.

Me har vore god på valga i haust, mellom kynisme og ta inn ball for å spela.
To av måla kjem av at spelarar vel Maradona-løysingar der dei bør bruka eit touch og avklara langt.
Men ettersom laget var Skavøypoll og ikkje Sogndal 2, vel me romantiske løysingar og mistar ball på 16-meter. Skavøypoll bukkar og takkar og set ballen imål.
Skavøypoll skapar sjølv lite i kampen, men når me er i det gavmilde hjørnet scorar dei 3 mål.

Andreomgang har me ballen nesten heile tid og skapar seks-sju store sjansar i tillegg til måla,men det blei med berre to måll
.Me er bedre i denne omgangen – mykje pågrunn av at Roy kjem inn etter pause.
Han set standard på entusiasme sammen med Harald, Edvin og Preben S.

Det positive er at me unngår skadar sidan me er no berre 14 spelarar grunna skuletur, og at Preben scora eit fantastisk mål, der han vender på 20 meter etter eit oppspel og kliner ballen i krysset.
Han har no scora 22 mål og har hatt ein god sesong.

Me står bokført med eit tap i haust, mot Stryn borte. No står Høyang for tur på Sletta i årets siste kamp,ein vanskleg bortekamp som vil kreve det beste av oss.

– Nils Tore –