Nei, nei og atter nei

Samarbeidet med Sogndal ser ut til å gje ein mager gevinst på spelarsida. Geir Andre Bøyum gjorde i dag heilomvending etter samtalar med Sogndal.




Geir Andre Bøyum leverte varene så lenge det varte.

Før helga fekk Jotun Årdalstangen FK klarsignal frå Sogndal leiinga til å innlede samtalar med Geir Andre Bøyum. Hvis spelaren var interessert i å spele i 2. divisjon for JÅFK var dette heilt greitt for Sogndal.

Spelaren var så i samtalar med JÅFK denne helga og spelar og klubb hadde ein fin dialog der spelaren klart gav utrykk for at han kunne tenke seg å spele for JÅFK i vårsesongen.
Men etter at spelaren skulle avklare detaljane med Sogndal i eit møte i dag kom meldinga me ikkje ville ha. Spelaren gjorde då heilomvending og takka nei til tilbodet om spel i den grøne drakta.
I forrige veke fekk me og eit liknande svar frå Øystein Vetti, han valgte å spele for Sogndal II i 3. divisjon denne sesongen.