Nerver og latter på stadion

For spelarane på Årdal FK betyr Supermann-konkurransen blodig alvor._MG_2734


Truls Hovland ladar skotkanona.

Tysdag gjekk siste runde av konkurransen av stabelen. Som kjend går denne tevlinga rett og slett ut på at spelarane skal gjennomføra ei rekkje ulike aktivitetar der ein til slutt står att med ein vinnar – Årdal FKs supermann.


Program tysdag:

1. ‹‹Crossbar Challenge›› – Om å gjera å treffa tverrleggjaren frå midtbana.

2. Vassbering. Lagkonkurranse om å koma kjappast mogleg rundt 16-meteren med ein sværa vassdunk i hendene.

3. Tautrekking. Lagkonkurranse om å dra ei vogn med godt over 100 kg frå midtbana til dødlinja.

4. Tau-dragkamp. Lagkonkurranse der to lag kjempar mot kvarandre i ein semifinale- og finalekamp.

5. Pasningspresisjon: Målet er å treffa ballen inne i eit bestemt område.

6. Spydkasting. Kven klarar å kasta lengst med spyd på laget?

_MG_2740


Marius Hestetun i full fart.

Frå før har spelarane vore gjennom symjing og The Amazing Race Årdal.

– Då er Årdal FKs Supermann 2013 kåra. Vinnaren vil bli publisert på Årdal FK sin årlege fotballfest på laurdag, seier trenar Frank Øyre, som tykkjer det har vore ein spennande konkurranse.

_MG_2748


Spelarane måtte dra Ivan og sonen Leander frå midtbana til dødlinja på kortast mogleg tid.

– Konkurranseinstinktet kom tydeleg fram når me nærma oss slutten. Det er godt jobba av alle spelarane. Årsaka til at me hadde desse tevlingane no på slutten var fordi me tykkjer det er greitt å ha slike aktivitetar innimellom dei vanlege treningane, spesielt viktig no på slutten av sesongen.

_MG_2751


Laga måtte i drag-duell mot kvarandre.

Og til alle som lurer, kan Frank melde at det var mange uforgløymelege augneblink då deltakarane kjempa for poenga sine.

– Hadde du sett spyd-teknikken til enkelte so ha du fått deg ein god latter. Det blir heilt feil å sei at spydet gjekk rett fram i alle fall, men så skal ikkje eg sei at eg hadde klart det noko betre sjølv.

_MG_2769

Endre Kauppi Straumsheim har ikkje brukt oppveksten sin med å kasta spyd i alle fall. Spydet tok salto tre gonger og lada rett foran nasen sin.

_MG_2764


Venstresleggja til Eirik Rode er det ingen som har tvilt på.

_MG_2752


Sivert, Johnny, Mikael og Robin i drag-kamp.

_MG_2761


Morten syner musklar!

_MG_2765


Det finst ting Ole Gunnar er betre på enn å kasta spyd.

_MG_2767


Heller ikkje Kjetil Karlsen når heilt opp til Andreas Thorkildsen når det gjeld spydkasting.

_MG_2745


Kven som vart Supermann får me veta på fotballfesten laurdag. Først skal Eirik og Truls måla krefter mot Bjarg.