Ny rekord i sjansar

Det enda til slutt 4-0 mot Førde 2, men folk som såg kampen vil truleg undra seg mykje over at det ikkje vart meir.

Enkelte skal ha det til at me denne gongen sette ny uoffisiell norgesrekord i misbruk av sjansar. Andre meiner det burde ha vore ganske mange fleire mål og gjev Førde 2 mykje honnør for å ha halde stand så lenge som dei gjorde.

Førde 2 fekk nemleg kaptein Dvergsdal utvist etter ein snau halvtime, etter at han felte Truls på veg mot mål åleine mot keeper, så det var  eit kort det var få protestar på då Per Oddvar Lien henta det fram.
Men det prega naturleg nok også kampen på fleire måtar, sjølv om det det siste kvarteret ikkje eigentleg såg ut som om det var 11 mot 10 ute på den for høvet ypparlege grasmatta.

Ivan Øy er som vanleg nøgd med seier og tre poeng.
– Me likar å vinna fotballkampar, sjøvlsagt. Men eg tør nesten ikkje tenka på kor mykje det kunne ha vore. Tredobbelt, heilt sikkert, sett utifra talet på sjansar me har og som me brenner, seier han.

– Me blir meir upresise, me produserer mange sjansar, me gjer mykje bra, men me mista trua på oss sjølve. Det er liksom det me har sett dei siste fire kampane. Me lagar vanvittig mange sjansar som me ikkje greier å omsetta. Det er upresist, det er siste tredjedelen, der me mistar fokus og er unøyaktig. Det pregar kampen.

Det var flotte mål, dei me skåra – det var også svært mange gode sjansar. Me seier oss veldig godt nøgde med seier og poeng og debut for Patrick Schørlien Patanakarun.
– Jo fleire folk me har på trening, jo bedre blir kvaliteten på treningane, kan ein seia, så me er glade for at me får Patrick med oss, samstundes som Endre er tilbake, seier Ivan.

Meir detaljert forklaring sett frå speakerbui er å lesa her!!

Kampfakta:

Årdal FK – Førde 2 4-0 (0-0)
Jotun stadion, søndag 10.september
Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang med Simen Solbakken Skjerven, Kaupanger og Øystein Skjerdal Bondevik, Sogndal.
Gule kort: Rune Vikum, Førde 2
Raudt kort: Ivar Dvergsdal, Førde 2
1-0   56 min   Truls Hovland
2-0   77 min   Ole Gunnar Bukve Kjødnes
3-0   83 min   Johnny Aspeseter Hagen (Christian Stedje ass)
4-0   89 min   Endre Kauppi Straumsheim (Christian Stedje ass)
Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Andreas Natvik (Stian Laberg frå 79 min), Brede Stedje Ylvisåker, Simen Mannsverk (Marius Loftheim fra 87 min), Nicolai Laberg (Terje Kvam Øvstetun frå 67 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Patrick Schørlien Patanakarun frå 87 min), Johnny Aspeseter Hagen, Vegard Aafedt Bukve (Endre Kauppi Straumsheim frå 71 min), Truls Hovland, Christian Stedje