Ny sesong – «nye» fjes 

– Det er slike folk me treng no, seier trenar Ivan Øy.

Eirik Rode har signert for Årdal – velkommen tilbake! Lærdølen var på bana då me møtte Fjøra til årets aller første kamp i Sognehallen fredag kveld. 

Eirik har spelt for Årdal i to periodar tidlegare, men har det siste året spelt for Lysekloster saman med Truls Hovland, som melde overang til oss att i haust. 
– Eg har fleire gode vener i klubben og gler med til å spela i lag med Truls og dei andre igjen, seier Eirik.



Kjensla er gjensidig i følgje trenar Ivan Øy.

– Det veldig godt nytt for vår del. Han blir heilt klart ein styrke for laget reint teknisk og løpsmessig, men kanskje vel så viktig: Eirik er ein type som stiller krav til folka rundt seg både i trening og i kamp. Det treng me, det har vore litt mangelvare denne sesongen, seier han.

Ivan legg ikkje skjul på at han er særs godt nøgd med få styrka stallen, om enn for ei halv sesong. 
– Me veit kva han står for, i tillegg til å vera ein meget god spelar, som heilt sikkert kunne ha spelt på høgare nivå om han hadde vilja. Det me treng no er folk som går litt i bresjen, slik sett er det gull verdt for oss at Eirik Rode blir med oss framover. 

Avtalen er at Eirik spela for oss i vårsesongen. Det passar seg slik med lærarstudiane han er i ferd med å avslutta til våren. 
Ein annan lærdøl som har vore i aksjon er Serif Isic, som er tilbake fra det store utland og har trent med oss den siste tida.

I tillegg hadde me to debutantar med oss i Sognehallen i dag: Edin Alme og Stian Klingenberg har begge meldt overgang og fekk sin første offisielle kamp for Årdal FK 1 denne kvelden. 
Velkommen i klubben, karar!



Fjøra tok leiinga og det stod 1-0 til pause. Dei la også på til 2-0, før Anders Lereng skåra vårt mål for dagen eit kvarter før slutt. Fjøra skåra igjen, slik at det vart 3-1 til slutt.

Det er heilt greit, det.

Denne kalde fredagskvelden har me faktisk sett fram til ei god stund, sidan det å møta Fjøra til årets første treningskamp er ein finfin fotballtradisjon me er veldig glade i. 

– Men me legg ikkje så mykje akkurat i resultatet i dag, det er sesongens første kamp, det er januar og det er Fjøra som er motstandar, så me skal ikkje legga all verdens i resultatet her, det handlar om å komma i gang! Sa Ivan før kampen.

Etter kampen hadde pipa fått ein anna låt.
– Det var eit god gjennomføring. Eg er litt overraska over nivået vårt, det var det eg var spent på når me no skulle møta eit så godt lag som Fjøra. Det handla litt om dette med å gå ut og setta en standard og visa oss litt fram, det greidde me ganske godt, seier Ivan. 

– Det er litt folk som er vekke, men då har me fleire unge som får prøvd seg, det er veldig bra!
Eit veldig positivt innslag av både Serif og dei to debutantane Stian Klingenberg og Edin Alme, sålr han fast. 

Neste helg er det duka for nye treningskampar, i år vender me nasen austover og vil prøva krefter mot valdrisar og hallingdøler – følg med her for meir info.