Nytt frå sjukestova


Johan og Sikor er ute i minst seks veker til.

Begge er blitt operert for meniskskader i løpet av sommarferien, Johann valde Lærdal sjukehus, medan Sikor for tida befinn seg i heimlandet Polen, der han har medisinsk tilsyn. Den høgtropande målmannen er operert i menisk og i ein ankel, og er venta å vera ute til midten av sepember.

Det same gjeld Johann, som er på beina igjen etter operasjonen på Lærdal. Han tek stinga seinare denne veka og kan så smått byrja med alternativ trening i løpet av neste veke igjen.

Sportsleg leiar jan Kåre Stedje opplyser at rekonvalesensen inntil vidare går etter planen for begge sin del.