Old Boys vart ballgutar

Det er mange måtar å støtta klubben og arbeidet vårt på.

Årdal FK vil med dette retta ei stor takk til alle dei som gjer det mogleg for oss å driva ein forballklubb på vårt nivå.
I botnen ligg sjølvsagt sponsorane våre. Utan desse er det rett og slett ikkje mogleg.

– Sponsorane yter det største økonomiske bidraget til klubben, det er det liten tvil om. Ingen frivillige lag eller organisasjonar skapa eit tilbod i eit slikt omfang som me gjer, utan at dei har sponsorar i ryggen, seier leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun.

Sponsor utanom det vanlege
Me har fleire ulike typar sponsorar som kvar og ein yter sitt bidrag, mange av dei har vore med oss i årevis. I år har me i tillegg hatt ein enkelt ballsponsor, noko som er litt uvanleg for vår del.
– Me har kamp- og spelarsponsorar som me har samarbeidd med gjennom fleire sesongar, men me har ikkje hatt tradisjon for å ha ein eigen ballsponsor, fortel Geir Kjetil.

Han legg til at sponsoren av akkurat denne ballen også er noko for seg sjølv.
Det dreier seg nemleg om eit juniorlag frå Tangen med storheitstid rundt 1970 som rett og slett er blitt eit eige turlag.

Bak frå venstre: Lars Endresen, Odd Kjell Grindhaug, Jan Kåre Stedje, Frode Nergård, Norvald Fedje, Torleif Lægreid. Framme frå venstre: Dag A. Ulvestad, Åge Sem Johansen, Audun Lægreid og Ola Hillestad.
Ikkje til stades då biletet vart teke: Bjørn Frode Skjevdal, Dag Rune Stedje, Svein Arve Grindhaug, Jan Haavik, Torleif Skjerven og Jan Grønsberg. (Foto: privat)

Styrka stallen
– Me har gjort det til ein årleg tradisjon å samlast på seinsommaren kvart år no 15 år, der me treffest og går ein fjelltur i lag, før me avsluttar med bankett, forklarer Åge Sem Johansen, talsmann for laget. Det var i si tid Bjørn Frode Skjevdal som hadde ideen til opplegget.

 

Årets tur gjekk over Vindhellavegen og Kongevegen i Lærdal.

Skjevdal er framleis lagkaptein for juniorlaget, som med åra har styrka stallen med nokre spelarar frå «aldersbestemte nivå» og såleis bygd ei slagkraftig og særs fotballkompetent Old Boys-lag.

Satsar for fullt
Det kan sikkert også nemnast at med åra er turane blitt kortare og drikkepausane hyppigare.
– Det vert av naturlege årsaker færre som går desse fjellturane og satsar for fullt inn mot banketten i staden. Snart blir det nok til at det berre er eit par av dei yngste som faktisk går turen, medan resten sit på Klingenberg og ventar, seier ei anonym kjelde, og legg til at det sjølvsagt er lege med på turane. (Ola Hillestad, overlege ved St Olavs Hospital, journ.mrk).

Støttar lokale føremål
– I tillegg til å ha det triveleg i lag og gå på turar i nærområdet, har me i alle desse åra samla inn ein liten sum som me donerer til eit godt føremål her i Årdal, det har vore mange forskjellige opp gjennom åra. Årdal FK har ved fleire høve lete oss få låna klubbussen, difor ønskte me å visa takksemd ved å gje årets sum til ein kampball, seier Semmen.

Åge Sem Johansen med kampballen som kom på bana under kampen mot Vik 15.september.

Det var i samband med kampen mot Vik at old boys-karane vart ballgutar, ein kamp me for øvrig gjekk sigrande ut av med heile 4-0.

– Me takkar så klart for bidraget, slår leiar Geir Kjetil Øvstetun fast.
Han seier klubben ynskjer å retta ei stor takk til alle bidragsytarar, store eller små.

Stort ansvar
– Våre samarbeidsparnarar er med på å leggja grunnlaget for Årdal FK sin sunne økonomi og syner med si deltaking og støtte at dei føler eit stort ansvar for idretten i bygda, seier han.

Vår generalsponsor er Årdal Energi Kf, medan hovudsponsorar er Indre Sogn Sparebank, Årdalsnett, Hydro og Montèr Andersen.
I tillegg har me mange trufaste samarbeidspartnarar som støttar laget i medgang og motgang år etter år. Dette set Årdal FK stor, stor pris på og me ser fram til nye år med dykk alle på laget!

Klingenberg hotel har gjennom dei siste sesongane servert oss frukost før kvar heimekamp. Det betyr mykje for oss, ikkje berre fordi me får servert aldeles nydeleg mat, men fordi det gjer oss eit høve til å ha ei roleg samling med spelarmøte før kvar kamp.

Lenker til general- og hovudsponsorane våre finn du her!

Me har også ei stor gruppe privatsponsorar som kvar månad bidreg med sine summar til arbeidet vårt for å skapa eit godt tilbod til dei som vil spela fotball her i bygda.
Desse er avgjerande for at me kan opprettholda aktiviteten vår og me skuldar dei alle ei stor takk.

Eit desidert høgdepunkt ein gong i kvartalet, er trekninga i privatsponsorlotteriet, der me får sjansen til å gje litt tilbake til privatsponsorane.
Kvar månad trekk me ut ein vinnar som får eit verdikort på anten 3000 eller 6000 kroner, avhengig av sponsorkontrakten.

Har du lyst til å bli privatsponsor, seier du? All informasjon du treng, finn du her!

Årdal FK vil sist, men ikkje minst takka alle som løyver sin Grasrotandel hjå Norsk Tipping til Årdal FK. Dette betyr svært kjærkomne kroner i kassa, som igjen gjer sitt til at me kan syta for eit fotballtilbod til fleire aldersgrupper og på ulike nivå i Årdal.