Opp og ned for ÅFK II

Er Paradise-Robin snart moden for United?

Korleis går det med den stakkars materialforvaltaren til Syril?

Og kva har duene i London med alt dette å gjera?

Følg den intense – og tidvis særs underhaldande – sesonginnspurten til ÅFK II her!

Andrelaget vårt har dei siste vekene spelt tre kampar, og poengfangsten vart heller liten.

Sesongen enda med ein åttandeplass, og det nye seriesystemet gjer at laget neste år må spele i 5. divisjon. Her er nokre kommentarar frå desse kampane:

 

Førde, kunstgras, måndag 20.09.10

Førde 2 – Årdal FK2 : 6 – 1 (2 – 1)

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra (svært god)

 

Årdal FK2 nytta desse spelarane: Rewar Talib (Jørn Asperheim frå 85. min.), Per Sandnes, Gunnar Heggheim, Rebin Talib, Gøran Moheim, Mats Andre Jevnaker, Ruben Aspesæter, Rebin Badkan, Marius Hestetun (Eivind Breivik frå 68. min.), Kjetil Karlsen, Martin Hollevik.

 

Mål:

07. min.           1 – 0     Øystein Bøyum

17. min.           2 – 0     Vegard Savland

28. min.           2 – 1     Gunnar Heggheim (kjempeskot frå spiss vinkel, ca. 20 meter frå mål).

85. min.           3 – 1     Vegard Savland

87. min.           4 – 1     Robin Mehus

88. min.           5 – 1     Frode Fjørstad

90. min.           6 – 1     Kristian Langedal

 

Dette var ein kamp der me stort sett hadde ryggen mot veggen, men med ein innsats og glød som det sto respekt av. Heimelaget var det førande laget, men i store periodar var det smått med sjansar framfor Rewar i målet vårt. Spelarane jobba steinhardt, og me lukkast svært godt med å få laget frå Førde til å spele slik me ville ha dei til.

Den flotte reduseringa til Gunnar gav oss håp om å greie poeng, og dette håpet hadde me heilt fram til det stod att 5 minuttar. Då rakna det til gangs, og heile 4 mål small inn bakom Jørn, som såleis fekk nokre utrulege 5 minuttar som innbyttar. Alt i alt gjorde me det me kunne og vel så det, men me tapte sjølvsagt for eit betre lag. Andre detaljar om kampen er godt skildra på Førde sine heimesider.

Dommar Yngve Håkonsen var mellom dei beste på bana, og me reiste egentleg rimeleg nøgde heim att, trass det store tapet. Kampen gjekk føre seg i fredfylte former mellom to fine lag, og me ønskjer Førde lukke til vidare, både med førstelaget og desse unggutane.

 

 

 

Årdal FK2 – Gaular : 4 – 0 (4 – 0)

Cuba, søndag 26.09.10

Dommar: Vegard Yndestad, Florø, m/linjedommarar ( svært gode )

 

Årdal FK2 nytta desse spelarane: Rewar Talib (Jørn Asperheim frå 75. min.), Per Sandnes, Gunnar Heggheim, Mats Andre Jevnaker, Kjetil Karlsen (Rebin Talib frå 78. min.), Martin Hollevik (Marius Hestetun frå 78. min.), Gjert Nygård, Abbas Abdul Wahubu (Rebin Badkan frå 70. min.), Robin Moheim, Dan Erik Johannesen, Ruben Aspesæter (Eivind Breivik frå 60. min.).

 

Mål:

03. min.           1 – 0     Kjetil Karlsen (Abbas Abdul Wahubu)

10. min.           2 – 0     Robin Moheim

28. min.           3 – 0     Robin Moheim (Gjert Nygård)

32. min.           4 – 0     Dan Erik Johannessen (Gjert Nygård)

 

Kampen var eigentleg svært einsretta mot eit ungt lag frå Gaular, men prestasjonen vår var mykje dårlegare enn t.d. mot Førde 2. der me tapte klart.

Denne gongen var me prega av dårleg tempo og konsentrasjon, og sjølv om førsteomgangen sto til ”nokolunde godkjend”, var kampen sett under eitt svært dårleg fra vår side.

Me var mykje betre enn gjestene, men me var langt frå å få til det me hadde som kampplan.

Måla våre var fine, og innimellom synte me sjølvsagt gode takter, men heilheiten var fargelaus denne fine søndagen på Cuba.

 

Robin held fram med å bøtte inn mål, bana var strålande, dommartrioen var svært gode, gjestene hadde eit framifrå støtteapparat (Irene hadde orden på det meste og vel så det!), og publikum var egentleg nøgde at me vann! Så meir kan ein vel ikkje forlange! Og det gjer me heller ikkje, når alt kjem til alt!

 

 

Syril stadion, grus, måndag 04.10.10

Syril – Årdal FK2 : 5 – 4 (3 – 3)

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra, m/linjedommarar ( Generelt gode, med noko attåt… )

 

Årdal FK2 nytta desse spelarane: Jørn Asperheim, Per Sandnes, Gunnar Heggheim (Marius Hestetun frå 80. min.), Gøran Moheim, Mats Andre Jevnaker, Rebin Badkan (Rebin Talib frå 68. min.), Eivind Breivik (Ruben Aspesæter frå 68. min.), Ole Einar Rebni, Gjert Nygård ( Daniel Eide frå 73. min.), Robin Moheim, Brede Stedje Ylvisåker.

 

Mål:

01. min.           1 – 0     Jan Tore Slinde

10. min.           2 – 0     Jan Tore Slinde

20. min.           2 – 1     Robin Moheim ( Brede Stedje Ylvisåker )

25. min.           2 – 2     Robin Moheim ( Brede Stedje Ylvisåker )

30. min.           2 – 3     Robin Moheim str. ( Brede Stedje Ylvisåker )

39. min.           3 – 3     Endre Navarsete str.

55. min.           3 – 4     Robin Moheim

72. min.           4 – 4     Endre Navarsete str.

82. min.           5 – 4     Jan Tore Slinde

 

Denne kampen måtte begge lag vinne. Dette var stoda framfor bataljen slik tabellen var.

Målet var å halde seg i 4. divisjon når det nye seriesystemet tek til neste sesong.

Dei seks øvste laga held plassen, medan dei seks siste laga må spele i 5. divisjon. Greitt utgangspunkt for ein spanande kamp, som i tillegg måtte spelast på grus.

Uten at det var problem i det heile!

 

Og kort fortalt tapte me ein jevn og fartsfyld kamp, der ingen av laga hadde meir enn to trekk i laget, og det heile likna svært mykje på amerikansk fotball.

Bortsett frå det taktiske, som vart rimeleg enkelt frå begga hald: Det mest fornuftige var å gå i duellane, samt å sparke ballen på direkten så langt framover på bana som mogleg, for så å håpe på at noko skjedde. Syril hadde skjønt dette når kampen tok til, medan me hang noko etter i tankegangen, sjølv om me hadde drøfta dette på førehand.

Publikum hadde iallfall skjønt det, for dei fleste hadde plassert seg oppe på haugen ”over” bana, og dei kunne såleis sjå ballen i ein normaltilstand ” rett bort”, for ballen var stort sett høgt oppe i lufta. Det vart likevel svært fartsfyld når ballen kom ned att, og det likna etter kvart mykje på når me matar duene på Trafalger Square i London: Det vart kamp for kvar ein smule!

Men dette gjekk greitt for begge lag, og alt i alt vart det ein underhaldande kamp, med god nerve. Og me talde til ”akjan” ballar som forsvann over nettingen og ned i djupe og mørke dalar under dei 90 minuttane, og me føler med Syril sin materialforvaltar som skal finne alle desse att i grålysinga denne tysdagen!

 

Det var sterkt av oss å komme oss etter at Syril hadde herja frå seg i opningsminuttane, og Robin dominerte etter kvart stort, godt assistert av Brede framover på bana. Det vart tilfeldig kven som vann til slutt, men når det vart heimelaget, skal me vere dei første til å gratulere dei.

Laget vårt kjempa utruleg godt, og prestasjonen vår var verkeleg bra denne kvelden.

 

Dommartrioen kom og bra i frå kampen, men det var ein vanskeleg kamp å dømme.

Kortbruken matcha haustfargane rundt, og heile tre straffespark vart delt ut, med høglytte protestar frå laga i dei omtalte augneblinka.

Frå vår innbyttarbenk kunne me ikkje konstatere om avgjerdene var korrekte, til det var tusmørket og avstanden litt hindrande. Men frå heimelaget sin innbyttarbenk hadde dei dette klinkande klart føre seg, noko me fann undrande, for deira innbyttarbenk var tett innpå vår…

Me prisa oss etter kvart lukkeleg for at kretsen valde å ha nøytrale dommarar, for dersom innbyttarbenken til systrendingane hadde fått dømt, ville det truleg resultert i 5 straffespark til dei, medan me hadde stått att med usselege null… Og då hadde me tapt skikkeleg! Men når det er sagt, så har me sjølve dømt rett så bra i liknade høve opp gjennom åra, så me skal truleg gå svært så stilt i dørane.

 

Litt usamd var me likevel med dommar Yngve, og det hadde sin bakgrunn i to hendingar:

Den eine var temmeleg lik det som hende med Freddy Dos Santos på Lerkendal sist søndag, der han fekk eit urimeleg første gult kort, for så å få raudt etter eit korrekt kort nummer to.

Dette var sjølvsagt ikkje avgjerande for kampen all den tid dette skjedde i sluttminuttane, men det var svært trist for Ole Einar og laget vårt likevel.

 

Den andre sutringa vår går på at han burde dømme likt for like hendingar begge veger.

Det er sikkert greitt at heimelaget får straffespark etter ”holding” i feltet vårt, men hvis han trudde at slikt var totalt fråverande i det gule feltet, kan han sjå hendingane opp att på You Tube i slow motion! Men hvis ein ikkje greier å finne hendingane der, ja, da har me diverre ikkje ei sak likevel…

For slik er fotball på vårt nivå, og det aksepterar me, sjølvsagt.

Men me ber likevel om løyve til å få føle oss urettsam handsama, framført i forsiktige ordelag!

I samme slengen vil me og få takke Thor Kristian, Asbjørn, Jarle og alle dei andre linjedommarane som går på lagleiarsida under kampane våre. Desse karane er ein fryd å ha med å gjere, og dialogen med dei tvingar fram ferdigheiter som er imponerande. At dei ikkje stundom klinkar linjeflagget sitt midt mellom augo våre både ein og fleire gonger, er rett utruleg!

Men dei gjer ikkje det, og me har enorm respekt for det tålmodet og forståinga dei har med oss lagleiarar, som av ein eller anna mystisk grunn alltid får att fornuften dagen etter…

Takk, karar, de gjer ein utruleg god jobb, både som fredsmeklarar og som dommarar!

 

Alt i alt var dette ein skikkeleg kamp, og me gratulerer Syril med ein fortent plass i 4. divisjon og med dei flotte garderobeanlegga me møtte. Nice one, Cyril!

Oppsummert gjorde me ein kjempefin innsats etter at me diverre kom 10 minuttar for seint og Syril starta kampen før Paradis-Robin hadde ordna seg på håret og me var klare, dommartrioen var som sagt gode under vanskeleg tilhøve, P-Robin tok ein skikkeleg revansj og er snart moden for United,

Jørn var og positiv i målet vårt, det gjekk godt med ein spelar frå Syril som vart skadd i kampen, me nådde 21.40-ferja, og me kom oss heim uten å kollidera med hjortar på vegen! Kva meir kan me forlange av ein fotballkveld?

 

Vel, kanskje at me burde halda oss i divisjonen? Det er sant, men da hadde me gått glipp av opprykkfesten neste haust! Og når sant skal seiast, har spelarane våre gjort ein framifrå innsats i sesongen, med gode haldningar og med ein alltid positiv innstilling. Det er ein ærleg og flott gjeng med spelarar, med ei god fotballframtid!

Ein kamp står likevel att av serien, og den går på Cuba søndag mot Øystein sine karar frå Lærdal. Dei kjempar og for å halde plassen i divisjonen, og hvis de trur at duene i London vil få ein frikveld denne dagen, ja, da tek de skammeleg feil!

 

Vel møtt søndag!