Øystein Vetti spelar for Årdal FK i 2006

Sogndal og Årdal FK er einige om ein utlånsavtale for Øystein Vetti ut sesongen 2006. Øystein Vetti har kontrakt med Sogndal ut 2007 men har trena i Årdal den siste veka og ynskjer no å prøve seg i 2 divisjon.

Øystein Vetti - ikkje berre spelaren men og bildet er lånt av Sogndal fotball.Har vore innom landslaget
Den unge midtbanespelaren kjem opprinneleg frå Jølster men må reknast som halvt Årdøl då faren er oppvaksen i Øvre Årdal. Øystein har 8 kampar for fyrstelaget til Sogndal, ein av desse i Tippeligaen. Han har og vore innom G17 landslaget. –Det viktige i denne saka har vore å gje spelaren eit sportsleg tilbod på eit så høgt nivå som mogeleg. Vi trur 2. divisjonsspel med Årdal vil gje Øystein eit løft seier Anders Giske til sogndalfotball.no.


Ser ut til å få ein solid stall
-Me byrjar å få dei fleste brikkene for sesongen 2006 på plass no seier leiar Magne Felde til redaksjonen. Me jobbar enno med eit par brikker og i løpet av ei veke eller to vil mykje vera på plass. Me ser ut til å få på plass ein solid stall og eg ser positivt på neste sesong. Me har og fleire unge spelarar som bankar på døra så dette blir bra avslutttar Felde.

Les meir om utlånsavtalen på Sogndal Fotball sine nettsider.