På tampen


Berre eit par velvalde ord frå trenaren etter sesongslutt.

 

Kampfakta menn 3. divisjon:
Høyang – Årdal FK: 1-7 (0-3)
Sletta stadion
Publikum: Ca. 60 

0-1  5 min  Preben Strypet
0-2 19 min Tim Teigen
0-3 38 min Ole Gunnar Hunderi
0-4 65 min Preben Strypet
0-5 75 min  Ole Gunnar Hunderi
1-5 76 min Alexander P. Øren
1-6 85 min Preben Strypet
1-7 90 min  Tim Teigen

Årdal FK: Preben Gilleshammer, Bernard Brons, Edvin Hestetun, Ørjan Stedje Ylvisåker (Daniel Eide frå 78. min) , Christian Stedje, Tim Teigen, Harald Lødemel (Thomasz Malinowiski frå 54. min) , Terje Andreas Jevnaker (Stian Øy frå 77. min) , Preben Strypet, Johann Traustasson (Brede Stedje Ylvisåker frå 57. min) og Ole Gunnar Hunderi.

Gule kort: Eirik Fimreite, Robert Alrek, Thomas Frichsen, Høyang.

– Me var innstillt på ei god avslutning mot eit vanligvis godt heimelag som for 14 dagar sidan knuste Fjøra 4-0 på Sletta.
Det var eit svært dårleg vær som møtte oss i Høyanger, regnet formeleg spruta ned i periodar og med vind i tillegg var det vanskeleg speleforhold, men det er no uansett likt for begge lag.

Me gjer ein god kamp, let ballen gå og med gode bevegelsar i lengderetning sette me Høyang på mange prøvar. Me skapte mange sjansar utenom måla og sju mål var heilt greitt utfrå sjansestatistikken.

Defensivt var me stort sett solide,eit midtbaneledd som hadde stor aksjonsradius med Tim i spissen,og ei backrekke som var gode på å renska boksen.
Frontleddet med Preben som scora tre mål i dag skal òg ha honnør for måten han tar defensivt ansvar på, sammen med Johann og Ole Gunnar.

I eit lite kvarter i byrjinga av andreomgang er Høyang på hogget, men me har bra kontroll sjølv om ballen ved eit høve smell i stolpen på eit volleyskudd.
Eg trur faktisk me hadde appludert hvis den hadde gått inn.
Høyang får ein scoring der me har fullstendig ballkontroll i backrekka, men serverer Høyangspissen ballen med ein ukonsentrert feilpasning.

Me skal no ha litt ferie før me samlast 27. oktober til evaluering og planlegging til neste sesong.
Treningane vil starta opp igjen i starten av november med tre økter i veka, der ferdigheiter/basis skal ha fokus.

Det meste av forberedelsane til neste sesong er i boks. Me skal til Beitostølen i januar for å delta på ei innendørsturnering der Lillestrøm, Sogndal, Lyn og Valdres skal vera med. I februar skal me ha eige turnering i Årdal der Voss-Førde allerede har signlisert at dei vil komme. Det blir og jobba med andre andredivisjonslag. I mars reiser me til La Manga på treningsleir.

Takk til alle bidragsytarar i årets sesong.

-Nils Tore-

PS: Ei stor Takk til Miriam Øren som trødde til og hjelpte oss lørdag,når Johann blei skada og måtte til lege, og vidare til Førde sjukehus.