Poengdeling i Årdal

Jotun Årdalstangen måtte nøye seg med uavgjort i heimekampen mot Drøbak/Frogn i går ettermiddag.Tore Gjerdalen utlikna på straffespark sju minutt før full tid.

Kampen vil ikkje gå over i historia som den store på Jotun stadion. Til det var heimelaget for tafatte over det meste av bana, og mot eit defensivt Drøbak/Frogn lag vart det for spedt offensivt.

Gjestene gjekk i leiing i det 37. minutt, og først sju minutt før dommaren bles for full tid fekk årdølane utlikningsmålet.Kjartan Furebotn vart hindra ulovleg inne i feltet, og Tore Gjerdalen scora sikkert med ein elegant lobb over keeper og i mål frå straffemerket.


Gjestene frå Drøbak har enno ikkje tapt på bortebane og prioriterer det sikre bakover. Så også i møtet med Jotun Årdalstangen i går. Heimelaget hadde ballen mest, mens spelte seg ikkje til dei store sjansane i ein kamp som blir karakterisert som kjedeleg.


I går fekk også Edvin Hestetun sesongens 3. gule kort og må dermed stå over neste kamp.


Kilde: Firda.no