Poengdeling i nabooppgjeret


Det er minst eit par ting ein alltid kan rekna med når Ragnar «Raggen» Åmot entrar bana på Jotun stadion saman med to naboklubbar klare for eit skikkeleg lokaloppgjer…
Dramatikk, underhaldning og minst ei kontroversiell avgjerd det vil gå gjetord om i mange år framover.
Kampen mot Sogndal II vart nett slik.

Trass i at både spelarar og støtteapparat på begge sider  så absolutt gjorde sitt for å bidra til at eit småfrossent men ikkje alt for glissent heimepublikum skulle få valuta for inngangspengane, var det dommartrioen som fekk mest merksemd etter kampen.
Eit annullert mål og eit annulert raudt kort vil truleg vera mellom dei elementa folk best vil hugsa, for reint fotballmessig vart det ingen historisk kamp.
Me kjem attende med fyldigre referat frå hendinga, som reint faktisk arta seg slik:

Kampfakta Årdal FK – Sogndal II
Jotun stadion krøllgras
Tilskodarar: eit par hundre, kanskje?

Dommar: Ragnar Åmot, på linja Asbjørn Kjetil Håre, Florø og Thor Kristian Sortevik, Svelgen

0-1  3 min  Oddbjørn Skartun,3 min. (Ivar Løvik assist)

0-2 34 min Tarjei Dale ( Lennox Kanu assist)

1-2 36 min Preben Strypet (Johann Traustasson assist)

2-2 60 min  Terje Andreas Jevanker (Preben Strypet assist )

Gule kort: Bernard Brons, Christian Stedje (ÅFK) Vallter Laaksonen, Sogndal

Årdal FK: Stian Karlsen, Edvin Hestetun, Ørjan Stedje Ylvisåker, Bernard Brons, Christian Stedje, Harald Lødemel, Tim Teigen (Brede Stedje Ylvisåker frå 40. min) , Johann Traustasson (Johnny Aspeseter frå 85. min), Ole Gunnar Hunderi, Preben Strypet (Sverre Heggheim frå 92. min), Terje Andreas Jevnaker.
Sogndal 2: Terje Skjeldestad, Øystein Lerum, Gøran Wigum, Even Hovland (Kenneth Nondal frå 63. min) , Ivar Løvik, Daniel Lubiewieski, Kai Risholt, Oddbjørn Skartun, Vallter Laaksonen, Tarjei Dale, Lennox Kanu.