Pressemelding frå styret

PRESSEMELDING

Saman med IL Jotun og Årdalstangen IL hadde Årdal FK ei semje om å stille felles seniorlag i seriesystemet i Sogn & Fjordane fotballkrets. Av ulike årsakar, aller mest av omsyn til dei aktive og deira spelarutvikling, finn Årdal FK det rettast å trekka seg frå felles-laget.

Med bakgrunn i dette har eit samrøystes styre i Årdal FK vedteke følgjande:

 

1                   Årdal FK startar med eige 2.lag senior. Vedtaket har verknad umiddelbart.

2                   Årdal FK startar gutelag. Vedtaket har verknad umiddelbart.

 

Årdal FK ynskjer, saman med alle klubbar i regionen, å vera med på å leggja til rette for at born og unge som ynskjer fotball-aktivitet på ulike nivå skal ha best mogeleg tilhøve.

Årdal FK vil no ha fokus på å gjera ein best mogeleg prestasjon i

NM andre kvalifiserande runde mot Stryn andre påskedag.

Klubben har ingen kommentar utover dette.

 Årdal FK ynskjer alle klubbar lykke til med sesongen 2015 og vidare.

 

 

For styret Årdal FK

Geir Kjetil Øvstetun

Leiar