Ready to play in the nick of time

Both our new team mates are ready for Saturday´s match against Spjelkavik. 

Joey Sinton og Brett Fellows

(NB! Norsk tekst litt lenger nede!)

Brett Fellows of Solihull, Birmingham, was already officially cleared as he arrived in Årdal on Wednesday. Joey Sinton, on the other hand, was not.

It was not until this very evening that the transfer went through, which means we are deligthed to annonuce that he will be ready to play Saturday`s match against Spjelkavik.

This also means that we have an unusually strong squad lined ut this weekend, with only Endre Kauppi Straumsheim missing after earning suspension following his third booking during the match against Sogndal 2 on Monday.

Joey Sinton arrived in Årdal with Brett on Wednesday evening, and joined the team for training yesterday.

– I am relly happy to be back, he says.

– I have been in touch with Ivan since I left, and we have been discussing a possible return.

He made it clear that I would be welcomed back if I ever were to concider it, and so obviously since things didnt work out back in England, I woud love to come back and help out. Its kind of a win win for both parties, I recon.

Joey explains that he went back and had trials with a few clubs throughout the summer, but that his fitness was not up to scratch.

– I have had some injuries in my lower back, and that stopped other clubs from being interested.

So I went back to my old club, but I a bit of a disagreement with the manager, it didnt really work out, so basically I deciced to come back here to stay fit and play.

Joey Sinton og Brett Fellows

For his return to Årdal FK, Joey brought his mate Brett with him. The pair met whilst playing at Birmingham City a few years ago, and has remained good friends both on and off the pitch.

Says Joey: – We only live a couple of minutes apart in Solihull, and I know Brett has been keen on playing abroad, so he was well up for it when I called.

Brett claims to have been buzzing to go to Europe and try new clubs for some time.

– I have always told Joe and my family that I do want to play abroad, cause I am kind of small, I think it would suit me quite well playing here in stead of English fotball, he explains.

This is the first time he has really left England for such a period of time, and seems quite chuffed so far.

– I have played in America in a cup competition, but I have never been abroad like this.

ts been great so far,  although I need a bit of time to settle in sort of thing, but I am looking forward to it all – and of course, this first match on Saturday in paricular.

Whereas we already know Joey quite well from his time here during spring season, Brett is a brand new accuaintance. Coach Ivan, however, believes the few good referances he har recieved, will turn out to be truthful.

Joey Sinton

 Says Ivan:

– We have had two sessions on Thursday and Friday and already have a certain idea of the qualities Brett is in possesion of, but of course, some time will be required to get to know the other players and the team as a whole. I would not be surprized if he were to make an appearance against Spjelkavik already, but this would solemly rely on his individual qualities. 

Over time we will figure out the full extension of his contributions towards the team.

We do know, though, that players like him have contributed on a higher level before, so I am positive Brett has a solid foundation.

Ivan is adamant that the two lates additions to the squad certainly contribute to increase the quality of the training sessions.

– Undoubtetly. Even after just two sessions we clearly see the effect this has on the rest of the players.

More of the seem eager to perform and strive to excel, I feel that there is bit more guts throughout, its really is fascinating to see.

Our two new teammates have been put up in a flat in Øyåkeren burettslag , where they claim to have settled in all right.

– But of course, this time Joey will have to fend a bit more for himself compared to the hotel-like excistense he was fortunate enough to enjoy during his last stay, Ivan states, honouring Alf Roger «Affen» Lereng, not to meniton Mrs Annbjørg, who cared for Joey in what reliable scorches claim to have been the equivalent to a royal manner in Sitlevegen. 

Ivan Øy samanmed Brett Fellows og Joey Sinton

– I think we have to keep a bit of an eye on them, after all we are dealing with young adults here, haha. Joey, however, has proved to be a very laid-back and easygoing lad, so I am not really that worried,  Ivan concludes.

Joey himself seems to think he will be all right, even though he has to manage without Mrs Lerengs solid cooking.

– I can take are of my self, I have tried before. I cook for the both of us now, I am sure we ll be al right!

Once again, we welcome Joey and Brett to our club and wish them a fantastic stay in Årdal!

Klare for spel i siste liten 

Begge dei nye lagkameratane våre er klare for spel mot Spjelkavik i dag. 

Brett Fellows (22) var allereie speleklar då han kom hit onsdag, spenninga knytte seg mest til korvidt overgangen til Joey Sinton ville gå i orden før laurdagens kamp mot serietoar Spjelkavik. Fredag ettermiddag fekk me den glade bodskapen om at alt er på plass, noko som betyr at også Joey er parat til å vera med.

Det tyder også at me har ein mannssterk tropp denne helga, der berre Endre Kauppi Straumsheim er ute sidan kampen mot Sogndal 2 på mandag, der han pådrog seg sitt tredje gule kort og dermed må sona.

Joey kom til Årdal saman med kompisen Brett onsdag kveld, og dei har begge trent med laget dei siste to øktene før kamp. Han seier seg veldig nøgd med å vera attende.

– Ja, det er veldig kjekt. Eg har hatt kontakt med Ivan sidan eg reiste og me har snakka om at eg muligens kunne komma attende. Han har vore klar på at han gjerne ville ha meg attende dersom eg ville vurdera det, og sidan det ikkje gjekk heilt sidan eg tenkte, fann eg ut at det passa veldig godt akkurat no. Eg vil gjerne gjera det eg kan for å hjelpa klubben, og klubben treng spelarar, så det er vel ein slags vinn-vinn-situasjon for begge partar, seier Joey.

Han reiste attende til England i byrjinga av juli og har prøvespelt for nokre klubbar.

– Men formen var ikkje heilt på topp, eg har hatt ein del småskader i ryggen, noko som gjorde at interessa frå klubbane var laber. Difor gjekk eg attende til den gamle klubben min, men kom ikkje heilt overeins med trenaren, så det gjekk greit å ta avgjerda om å komma attende for å spela og jobba med formen, seier Joey, som altså tok med seg kameraten Brett.

– Me spelte saman i Birmingham City då me var yngre og har vore veldig gode venner både på og utanfor bana heilt sidan då. Me bur berre eit par minutt frå kvarandre i Solihull, Birmingham, og eg veit at han gjerne ville utanlands og spela, så då eg ringde og spurte om han ville vera med, var han klar med ein gong.

– Ja, eg har vore vedig ivrig etter å komma til utlandet og prøva å spela for andre klubbar, det har eg alltid sagt at eg gjerne ville, så eg sa ja med ein gong Joey ringde. Eg trur det passar meg å spela i utlandet framfor i England, eg er jo ganske liten, så spelestilen passar meg kanskje betre enn den engelske, meiner Brett sjølv.

Det er første gong han flyttar utanlands, og han er så lagt svært godt nøgd.

– Eg treng litt tid på å finna ut av ting og komma heilt på plass, men eg er veldig glad og spent på korleis det går, eg gler meg til å finna ut av det og eg gler meg til laurdag, ikkje minst, seier han.


Medan me kjenner Joey ganske godt frå vårsesongen, er Brett meir ukjend for oss, men Ivan gambla på at dei gode referansane han fekk vil visa seg å stemma.

–  Me har hatt to økter no torsdag og fredag, slik at me har fått eit lite innsyn i kva Brett har av kvalitetar, men det er klart, det vi ta litt tid før han blir kjend med dei andre spelarane og laget som heilskap.

– Eg ser aboslutt ikkje vekk frå at han kan komma på bana allereie mot Spjelkavik, men går det nok mest på dei individuelle kvalitetane han har som spelar, så får me over tid finna ut av kva han kan bidra med reint kollektivt.

– Men me veit at spelarar som han har bidrege på eit litt høgare nivå tidlegare, så han har heilt klart eit godt grunnlag, seier han, og legg til at han er sikker på at det å få engelskmennene med på laget vil vera med og heva kvaliteten i treningskvardagen.

– Allereie no ser me at det at dei er her, påverkar dei andre. Det er fleire som gjerne vil visa seg fram, det er litt meir guts i laget, det er slikt som gjer at kvaliteten på treningane aukar, slår han fast.

Dei to nye lagkameratane våre er allereie installert i ein leilegheit i Øyåkeren burettslag i Øvre Årdal, der dei ser ut til å trivast.

– Det er klart, denne gongen må Joey greia seg litt på eiga hand samanlikna med det hotellet han budde på sist han var her, seier Ivan  – med honnør til Alf Roger Lereng og ikkje minst fru Annbjørg som stelte svært så godt med Joey i Sitlevegen.

 – Me må nok holda eit lite auga med dei, det er ungdom me har med å gjera, hehe. Men Joey har synt seg å vera ein ganske roleg og sindig kar som dessutan er avholdsmann, så eg trur det skal gå fint. Det er i alle fall veldig greitt at dei er to i lag, det gjer jo at det blir tryggare og kjekkare for dei å vera heimefrå, er konklusjonen.

Joey sjølv meiner det skal gå greit, sjøl om han må greia seg utan den gode maten han er vand med frå Annbjørg sitt kjøkken.

– Eg kan passa meg sjølv, eg har prøvd det før. Det er forresten eg som lagar maten av oss to, dette her skal gå fint, forsikrar han. 

Kampstart kl 1400, folkens! Velkommen!!