Rosenborg leika seg med 2. divisjonslaget

Rosenborg synte at dei har ein breid og god stall då dei feia over All Star 2. divisjon i ein oppvisningskamp i Abrahallen fredag kveld.

RBK kunne juble etter ein komfortabel siger

Foto: www.rbk.no

Kampfakta:

Rosenborg – Allstar 2. divisjon 7-1 (3-1)

Abrahallen

Mål: 1-0 Fredrik Winsnes (9), 2-0 Ørjan
Berg (14), 2-1 Morten Hag (41), 3-1 Berg (43), 4-1 Azar Karadas (57), 5-1 Odd
Inge Olsen (59), 6-1 Karadas (71), 7-1 Karadas (82).

Lagoppstillinger:

Rosenborg (4-3-3): Alexander Lund Hansen
– Lars Blixt, Christer Basma, Erik Hoftun, Torjus Hansén – Odd Inge Olsen, Ørjan
Berg, Fredrik Winsnes – Dagfinn Enerly, Azar Karadas, Øyvind Storflor.

All Star 2. divisjon (4-3-3): Bjarne
Kåre Torbjørnsen – Morten Hag, Lasse Strand, Thomas Mørk – Øystein Wiig, Arne
Johan Ohr, Frode Tonning – Kenneth Tønne Torvik, Svein Olav Olvsby, Thomas
Rønning.

Det norske 2. divisjonslaget fekk inga lett
oppgåve mot eit Rosenborg lag i skåringshumør. Mest hissig framføre mål var
eidaren Azar Karadas med tre mål. Stillinga ved pause var 3-1 til norges beste
lag og det var liten tvil om kvar sigeren skulle gå. Ingen hadde vel heller
store forhåpningar om at 2. divisjonslaget skulle klare og hamle opp med RBK
etter kun ei trening saman.

Rosenborg mangla fleire av sine beste spelarar, det gjorde 2. divisjonslaget
og…… då ingen frå Jotun Årdalstangen FK var med.

I ein annan kamp mellom topp og 2. divisjon i dag, spelte Sogndal og SK Gjøvik
Lyn 2-2 etter at Gjøvik Lyn hadde kontroll på dei kvite til det gjenstod få
minuttar av oppgjøret.