Sandnes Ulf – Jotun Årdalstangen 1-1 (1-1)

Eit hardtkjempande JÅFK lag tok med seg eit viktig poeng frå Sandnes i dag. Heimelaget var nær ved å avgjere på overtid, men JÅFK klarde mirakuløst å redde på streken to gonger. Morten Brandsdal teikna seg på skåringslista for JÅFK og hadde i tillegg eit skot i stolpen mot sin gamle klubb.

Med eit heilt lag ute med skadar og sjukdom mønstra JÅFK ein ung tropp mot Sandnes Ulf med ein snittalder på litt over 21 år. Med dette som utgangspunkt var det ikkje mange som forventa poeng mot ein av dei betra heimelaga i divisjonen. Eit heilt nytt forsvar starta kampen med Edvin, Rune og Bernhard som stopparar i ein 5-3-2 formasjon.


Sandnes Ulf kom best i gang, og etter 6 minuttar låg ballen bak ein sjanselaus Geir Nordnes i JÅFK buret. Etter klabb og babb i feltet havna ballen hjå ein Kenneth Torstveit som kontant sette kula i mål. Dei fleste frykta det verste etter dette, men det unge bortelaget bretta opp armene og jobba steinhardt.



Eit kvarter ut i kampen fekk JÅFK frispark ute på sida. Dette vart stussa ned i beina til Brandsdal som ikkje feila, han sette ballen knallhardt i mål frå 7 meter. Jubel på JÅFK benken og laga var like langt.


Etter dette forventa dei fleste at heimelaget skulle presse på. Det gjorde dei ikkje. Dei la seg bakpå i påvente av ivrige JÅFK spelarar og skulle senke bortelaget på overgangar. Sjansane dei hadde i fyrsteomgang var frispark rundt JÅFK sin 16 meter, men dei makta ikkje å skåre på nokon av desse.


Henrik Furebotn ville og vise seg fram og drog seg fint fri ute på høgrekanten. Han sette fart mot målet og fyrde laus frå nesten daud vinkel. Skotet gjekk via målvakta og stolpen ut i feltet til Morten Brandsdal, han lada kanona og knalla laus. Via eit par Sandnes Ulf spelarar havna ballen i stolpen og spratt ut på bana. Ein kjempesjanse for JÅFK som no var i støtet.


1-1 stod seg til pause, eit greitt resultat ut frå sjansar og spel.


2. omgang starta som den fyrste, spelemessig jamnt utan dei store sjansane. Spelet vart tøffare etter kvart, og dommaren gav seg ikkje før 5 spelarar var notert i boka. Dei unge JÅFK spelarane  vart slitne utover omgangen, noko som gjorde at heimelaget tok meir over. Dei siste 20 minuttane var spel mot JÅFK målet, nokon av sjansane var av det store slaget.


Mellom anna redda Bernhard Brons, JÅFK sin bestemann i dag, på streken etter 81 minuttar. På overtid var det Christian sin tur til å gjere det same. Sandnes Ulf lukkast ikkje med å skåre, og gleden var stor blandt spelarar då dommaren bles av for full tid.


JÅFK hadde gjort alle tips til skamme, og reiste heim med eit fortent poeng til Årdal. Fortent fordi spelarane la ned ein innsats som låg fleire hakk over eit tafatt heimelag, og fordi ein gjeng med unggutar spelte som rutinerte mannfolk i 90 minuttar.