Sandnes Ulf med ambisjonar om spel i 1. divisjon

Laurdagens motstandar Sandnes Ulf er ikkje nokon kasteball i avdelinga og har plassert seg på ein respektabel fjerdeplass på tabellen med kun eit tap. Laget overraska mange med ein fin 8 plass forrige sesong. Etter det er laget forsterka på dei fleste plassar og klubben har ei overordna målsetning om spel i 1. divisjon innan få år.I forrige kamp vart det 2-0 siger over Ålgård og ein av målskårarane i den kampen var Kjetil Norland – Jeg mistet endel grunntrening i vinter, men føler formen er i anmarsj. Håper jeg også får starte i kampen mot Jotun lørdag, seier Norland til Sandnesposten. – Oppgjøret mot Jotun er en kamp vi bør vinne. Motstanderen er nokså ukjent og vi må satse på vår egen styrke, mener Norland.

Kjartan tilbake... her i kampen mot Hovding.JÅFK må truleg klara seg utan Ørjan Stedje Ylvisåker og Tore Gjerdalen i dette oppgjøret. Desse to fører seg inn i rekka over indisponible forsvarsspelarar. Derfor er det gledeleg at Rune Førde er attende etter karantene. Både han og Kjartan Smedegård måtte sone siste kamp i 2. divisjon men  begge to var tilbake i kamp på mandag og spelte ein god kamp for JÅFK II i 3. divisjon.

Kjartan Smedegård har og god kjennskap til fotballen i Sandnes etter å ha spelt for Sandnes i 2. divisjon for nokre sesongar sidan saman med Morten Brandsdal. Slik situasjonen i klubben er for tida skal ein heller ikkje sjå vekk i frå att Morten Brandsdal spelar ein ny kamp i 2. divisjon, sjølv om han i utgangspunktet er ein back-up.

5 siste for Sandnes Ulf:
KLEPP – SANDNES ULF 1-4
SANDNES ULF – HOVDING 4-2
EGERSUND – SANDNES ULF 1-1
SANDNES ULF – FYLLINGEN 1-3
ÅLGÅRD – SANDNES ULF 0-2