Seier etter snuoperasjon

På sidelinja førebudde trenarteamet seg på ekstraomgangar, men etter ein heftig snuoperasjon, er me klare for andre kvalifiseringsrunde i cupen.

Kampfakta: Nordhordland – Årdal FK 2-3 (0-2)

Knarvik kunstgras

Dommar: Bjørn Tore Tvedt, Eidsvåg med Tom Pedersen, Sandviken og Marius Krossøy, Hovding

1-0   17min   Jørgen Magnor- Jensen

2-0   30min   Alexander Vågenes

2-1   60min   Endre Kauppi Straumsheim

2-2   74min   Truls Hovland (str)

2-3   88min   Robin Moheim

Gule kort: ingen

Årdal FK: Sivert Larsson, Brede Stedje Ylvisåker, Abbas, Marcin Brzykcy, Martin Severin Gullaksen ( Andreas Hestetun frå 59 min),  Vegard Aafedt Bukve (Marius Loftheim frå 80.min), Endre Kauppi Straumsheim, Christian Stedje, Robin Moheim, Johnny Aspeseter Hagen, Truls Hovland.

 

Etter ein nokså lang, innhaldsrik og tidvis regntung søndagstur til Knarvik, er stemninga i bussen på veg heim sjølvsagt upåklageleg.

– Stemninga vart merkbart god etter at me greidde å dra detta i land, jublar trenar Ivan Øy, som innrømmer at han og assistent Jan Kåre Stedje førebudde seg på ekstraomgangar då denne første kvalikkampen til cupen begynte å gå mot slutten.

FK Nordhordland, som havna på fjerdeplass i sin avdeling i 4.divisjon i fjor, er eit nytt bekjentskap for vår del, noko som også prega første del av kampen.

– Det blir litt sånn når me møter ein motstandar me ikkje kjenner i det heile tatt, og me brukte litt tid på å finna ut korleis dei gjorde ting og sondera terrenget litt, seier Ivan.

Mens me heldt på med det, var vel ikkje konsentrasjonen heilt på topp – for best som det var etter 17 minutt, tok vertane leiinga.

– Me hadde nok ein god del sjansar i første omgang, men me var slurvete i pasningsspelet og ukonsentrerte på dei to situasjonane der Nordhordland skåra. Mål nummer to kom då ein av deira fekk stå umarkert på rundt 25 meter og senda av gårde eit skikkeleg lykketreff av eit skot, dermed var det 2-0.

Elles var første omgang prega av ein del duellspel og me tykte vel kanskje ikkje at tomålsleiing var heilt rettferdig til pause, sett utifrå spelet sånn sett, seier Ivan.

I pausen vart me enige om at me måtte samla troppane skikkeleg og byrja på nytt, gjera det me hadde avtalt at me skulle gjera og holda oss til kampplanen. Det viste seg å fungera temmeleg mykje betre.

Planen var nemleg å flytta laget litt lenger opp på bana og trua bakrommet til motstandaren og bruka det me er gode på, nemleg gjennombrot.  Då fekk me skapt mykje meir og sørga for at det vart ein god del strekk i Nordhordland sitt lag. Då me fekk dette til å stemma, steig sjølvtilliten betrakteleg.

– Og det forsette den sjøvlsagt med etter at Johnny fekk lagt inn ein pasning til Endre som sette inn 2-2-1, dermed var håpet tent om at me skulle greia å henta oss innatt, slår Ivan fast.

Ei stund seinare var Johnny igjen å farten med ein glimrande gjennomspel som enda med at Endre vart lagt i grus. Truls var sikker frå straffemerket – og med uavgjort var det sjøvlsagt duka for ei spennande avslutning.

– Me hadde faktisk begynt å forbereda oss på ekstraomgangar, sjølv om me hadde fleire store sjansar til å avgjera mot slutten. Robin hadde mellom anna eit skot i stanga som me var sikre å skulle gå inn. Til slutt fekk me unytta ein situasjon der Robin sprang frå sin oppassar og sette ballen kontant i mål to minutt før slutt, slik at me kunne surfa inn sigeren – det gjorde utruleg godt, er konklusjonen.

All grunn til å vera like godt nøgd med dagens resultat som på dette arkivbildet for Robin Moheim - matchvinnar mot Nordhordland.

Krøllgrasbana i Knarvik var veldig god, men det same kan ikkje seiast om resten av speleforholda.

– Rett og slett ufysseleg. Striregn, sterk vind, forferdeleg surt  og ikkje veldig mange plussgrader for å sei det sånn. Det var vel berre dei som var på bana som greidde å holda varmen nokonlunde, seier Ivan, men legg til at skåringane og resultatet sjølvsagt varma godt.

– Ja, dette er me sjøvlsagt veldig glade for – det var ein utruleg snuoperasjon. No er me svært, svært spente på kven me skal spela mot i neste runde – og ikkje minst: kvar.

– No fekk me reisa til Knarvik, der nesten ingen av oss har vore før – og me møtte ein veldig triveleg gjeng både på og utanfor bana. Men det er klart, me håpar vel at trekninga til neste runde blir gjort med fornuft og at me får heimekvalik i neste runde 8.april, seier Ivan.

PS: I fjor slo me først Vik heime i første kvalikrunde, før me også slo Øystese.

Med det var me klare for første ordinære runde av cupen, der det for øvrig vart bråstogg mot Sogndal heime på Jotun stadion. Likevel, avansement i cupen gjev bonuskroner i kassa for klubbane.

For vår del bidrog denne bonusen godt til at Årdal FK gjekk ut med nesten 200.000 kroner i driftsoverskot i fjor.

Det gjekk bedre denne gongen enn i treningskampen mot Voss sist helg, så trenarteamet seier seg godt nøgde. Tre poeng vart det også til Spurs.