Endeleg tilbake på vinnarsporet

– Men nokon knokkelkamp vart det ikkje mot Vik denne gongen. 

Kampar mot Vik er aldri lett match, og etter litt laber poengfangst dei siste kampane, var det viktig for oss å finna tilbake til forma. Etter sommarferien, har me nemleg berre hatt ein seier på dei siste fem kampane, i tillegg til ein uavgjort mot Dale.


– Haustsesongen har vore rett og slett dårleg, det går ikkje an å seia noko anna, seier ÅFK-leiar Geir Kjetil Øvstetun, som saman med Geir Frode Rudi og Pirri Aspevik, var lagleiar denne kampen. 
– Det har ikkje berre med det å gjera at me har tapt, men me har spelt dårleg. Og det føler eg snudde i dag. 

Johnny Aspeseter Hagen gav oss leiinga etter ni minutt, det heldt seg til pause og litt seinare, då veslebror Fredrik Aspeseter Sørli la på til 2-0. Anders Lereng auka til 3-0, før Terje Kvam Øvstetun fastsette sluttresuktatet til 4-0 sju minutt før slutt. 

Der Vik nok må seiast å vera usedvanlig fintspelande, fann me tilbake til formasjonane. Og ikkje berre det, i følgje Geir Kjetil. Me fann att spelegleda. 
– I dag hadde ikkje Vik ein avslutning på mål, omtrent. Ein del lange ballar opp, ja, men ingen avslutningar. Me var rett og slett gode i dag, me hadde mange gode angrep, me kunne letta ha vunne meir, meiner GK.

– Det som var viktigast var at me gjorde noko med spelehumøret. Det var moro å vera her i dag. Me var tydelege på det før kamp at viss nokon begynte med noko, ville dei bli bytta rett ut. Viss me begynnar med syting og klaging og banning, så blir me dårlege. Det tok dei tak i i dag, eg var imponert. Og det var mange som spelte godt i dag. 

Meir deltajert firdalive- referat her!

Kampfakta:

Årdal FK – Vik 4-0 (1-0)

4. divisjon, Jotun stadion, 15. september 2018

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra FK

Mål:

1-0 Johnny Aspeseter Hagen 9. min.

2-0 Fredrik Sørli 56. min.

3-0 Anders Lereng 65. min.

4-0 Terje Kvam Øvstetun 83. min.

Gule kort: Fredrik Sørli og Espen Vigdal Rudi, Årdal FK. Henrik Fjærestad Holmberg og Marcin Michalik, Vik IL

Årdal FK: Sivert Larsson, Stian Laberg, Ørjan Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Nicolai Laberg, Johnny Aspeseter Hagen (Espen Vigdal Rudi frå 78. min), Joachim Furset (Marius Loftheim frå 66. min), Terje Kvam Øvstetun, Christian Stedje, Anders Lereng (Kent Lægreid frå 74. min). På benken: Per Einvald Aspevik, Andreas Resaland

Vik IL: Stig Roar Hovland, Asgeir Fosse Refsdal, Håkon Skjerven, Ørjan Grov Tveit, Henrik Holmberg, Erlend Fjærestad Aase, Aleksander Valsvik, Idar Holen, Marcin Michalik, Vegar Halset, Joar Grov Turvoll. På benken: Torgeir Heimdal Aase, Sivert Fjærestad Aase, Mathias Stokkebø.