Sesongens fyrste treningskamp


Laurdag er det klart for sesongens fyrste treningskamp og motstandar er 3 divisjonslaget Kaupanger. Årdal FK har mange mann på sidelinja men stiller alikevel med ein sterk tropp. Heimelaget stiller og med minst ein mann på prøvespel, kanskje to.

Foto: Stig Adolfsson KTSpennande svenske prøver seg
Johan Østerberg (25) frå Sverige skal prøvespele i kampen på laurdag. Den målfarlige angriparen har gode skussmål og er interresert i å vise seg fram på Jotun stadion. – Me har fått gode tilbakemeldingar på denne spelaren og hvis han er god og har kvalitetar me manglar vil me truleg sjå nærmare på han seier trenar Morten Wigum til redaksjonen. Årdal FK har og Benny Rivedal i trening men han er ikkje aktuell til denne kampen.

Ingenting avklart med Thomas
Når det gjeld Thomas Frichsen er heller ikkje noko avklart. Han må avklare sin jobbsituasjon før han kan gje noko svar. Pendling Høyanger Årdal er ingen heldig situasjon og Thomas har søkt om permisjon frå sin noverande arbeidsgivar.


8 mann ute gjev andre sjansen
Her er ei liste over dei spelarane som er aktuelle i årets fyrste treningskamp og ei liste over dei som er ute med skade eller sjukdom. Den siste lista inneheld 8 spelarar, noko som er litt i overkant av det som er ønskjeleg. Men det er enno tidleg og dei fleste av desse er tilbake i god tid til å få ei skikkelig sesongoppkøyring.

Disponible spelarar pr. 12.1.2006


Målmenn:
Bjørge Fedje
Preben Gilleshammer
Forsvar:
Ørjan Skilbrei
Bernard Brons
Allan Jørgensen
Daniel Grindedal Kvam
Lasse Lereng
Midtbane:
Tim Teigen
Edvin Hestetun
Roy Olsen
Terje Andreas Jevnaker
Kjartan Furebotn
Angrep:
Rune Førde
Arild Underdal
Ole Gunnar Hunderi
Johan Østerberg (prøvespel)


Udisponible:
Kjartan Smedegård, slit litt med eit kne og blir ikkje ofra i treningskamp.
Donn Håre, har hatt ein vellykka operasjon i foten og er tilbake i trening om 2-3 veker.
Geir Erik Røysi, tek det litt med ro etter eit overtråkk.
Roger Kleiva, ex-kapteinen er på veg attende men treng tid. Alt før sesongstart er rein bonus.
Ørjan Stedje Ylvisåker, kapteinen følgjer eige treningsopplegg og kjem ikkje til å trene på kunstgras dei neste 8 vekene.
Stian Øy, pådrog seg ein lyskeskade under KM og trenar alternativt.
Ørjan Styve, nyleg operert i skulder og kan ikkje trene fotball dei neste 5 vekene.
Brede Stedje Ylvisåker, influensa.

Kampen har avspark laurdag klokka 12:00.