Sesongens siste kamp står for tur

Årdal FK kan gjera eit lite byks på tabellen om dei slår Bjarg som kjem på besøk til Jotun stadion laurdag.

a°rdal-nett3 

Før kampen ligg årdølene på 9. plass på tabellen med 30 poeng. Med siger kan Årdal i beste fall enda opp som nummer 7. Dette berre om dei andre resultata går Årdals veg.

Bjarg jaktar bronseplassen

Bjarg på sin side ligg på ein sterk 4. plass, seks poeng meir enn raudtrøyene frå industribygda. Dei kjempar om medaljeplass, så det er venta ein tøff kamp i Årdal laurdag.

– Me møter eit
Bjarg-lag som hadde serievinnar Florø SK i kne i om lag 80 minutt førre runde. Dette er eit
lag som har visst ei positiv kurve i løpet av haustsesongen. Me tapte
bortekampen 4-1 og Bjarg er nok eit av dei aller beste laga i
divisjonen, seier trenar Frank Øyre før møte.

Spelar med senka skuldrer

Årdal møter til kamp med god sjølvtillit etter å ha slått Sotra i Bergen førre helg.

– Det var veldig greit sist helg da me vinn 2-0. Dette
gav oss ein god porsjon sjølvtillit å ta med seg inn mot helgas kamp.
Det er svært viktig å avslutta sesongen på ein god måte. Dette er
spelarane innerforstått med og trenar-teamet er trygge på at det skjer
på laurdag.

Som vanleg kan publikum få kjøpt seg kaffe og kaker i kiosken. I tillegg er det som normalt pausekamp mellom lag frå både Jotun og ÅTIL. God kamp og me snakkast på stadion.

COYÅ