Siger i sesongens siste bortekamp

Det vart full pott og tre etterlengta poeng då Sotra vart slått laurdag.

Preben Strypet 

– Eg er stolt
over gutane som vinn sesongens siste bortekamp. Ein meget bra
gjennomført kamp der disiplin og lojalitet overfor kollektivet er heilt
avgjerande for resultatet, seier trenar Frank Øyre etter den sterke 2-0 sigeren i Sotra.

To kjappe

Preben Strypet gav Årdal ei tidleg leiing då han runda keeper etter framspel
frå Johnny Aspeseter. Sistnemnde var óg nest sist på ballen då han serverte
Christian Stedje til 2–0 i det kampuret bikka 24 minutt.

– Me fekk mykje overgangar, og kunne fort scora enda fleire mål viss me hadde
utnytta dei betre. Men dette var ein godt gjennomført bortekamp.

Dagens 2–0 siger over Sotra på bortebane var første gong sidan 4–0 sigeren mot
Tornado Måløy 25. mai at Preben Gilleshammer kunne rusla av bana med «clean
sheet».

– Viktig for spelarane

Til Sogn Avis seier Øyre at det å halda nullen gjer svært godt.

– Det er viktig for spelarane å få kjenna på korleis
det er å halda nullen igjen.Me bestemte oss før kampen for å vera veldig
kyniske defensivt, der me dunka ballen opp i bakrom så fort me fekk tak i
han. Den defensive strukturen me viser i dag er veldig gledeleg.

Trenarkollegaen Ivan Øy er samd med Frank sine utspel.

– Me møtte Sotra og gutta la ned ein enorm innsats som vart belønna med 2-0 og tre etterlengta poeng, legg han til.

Sjansesløseri

Sjølv om trenarane er godt nøgde med resultatet, seier duoen at sifra kunne vore endå større.

– Me brenn framleis  for mange store sjansar, og mot Sotra var me også kyniske bakover der me avklarar i bakrom istaden for å
ta gjera feil pasningsval.

– 2.omg startar litt nervøst og rufsete, men ein god Preben Gilleshammer
står av presset isamen med ein solid Edvin Hestetun framfor seg.
Detta var ein godt gjennomført bortekamp der gutane framstår med stor
vilje og guts for kvarandre.

Til helga er Bjarg motstander i årets siste kamp. Me håpar og trur at
bygdefolket møter opp å støttar gutane i årets siste dyst. Publikum har
støtta oss godt gjennom heile sesongen og dette er me svært takknemlig
for.

Tusen Takk !!!!

Christian og Preben

Tommelen opp for Årdal FK

Johnny og Edvin

Johnny Aspeseter og Edvin Hestetun jublar for tre poeng.

 

Kampfakta:

Sotra – Årdal FK 0-2 (0-2)

Laurdag 12. oktober 2013 kl. 15:00

Straume Stadion

Tilskodarar: 80

Dommar: Sindre Øye Helgheim

Gule kort: Tim Teigen og Terje Kvam Øvstetun

Mål: 0-1 13 minutt Preben Strypet, 0-2 25 minutt Christian Stedje

Lagoppstilling Årdal FK: Preben Gilleshammer, Ole Morten Jevnaker (Eirik Rode frå 67 minutt) Edvin Hestetun, Per Hestetun Sandnes, Brede Stedje Ylvisåker, Robin Moheim, Tim Teigen, Truls Hovland, Johnny Aspeseter, Christian Stedje (Terje Kvam Øvstetun frå 59. minutt) og Preben Strypet.

På benken: Kjetil Karlsen, Morten Sortland og Rewar Talib.