Skjeldestad klar for ÅFK


Kompromisslaus og robust forsvarar.

Jørn Skjeldestad (22) har skrive under på ein treårskontrakt med Årdal FK, opplyser ein talsmann for klubben no i kveld. Han orienterte lagkameratane sine på Kaupanger om stoda tysdag kveld.

Foto: Firda.no/sportMed seg har Jørn Skjeldestad fotballgener som i stor grad talar for seg, i tillegg til at han av kjennarar vert skildra som ein taklingssterk, kompromisslaus og robust spelar.

Skjeldestad har signalisert at han gjerne vil busetja seg i bygda etter kvart, og håpar å finna seg arbeid. Med førskulelærar-utdanning vert det neppe noko problem, men fyst og fremst jobbar han for tida med å restituera seg etter skader som har sett han ut av spel heile denne sesongen.

Årdal FK ynskjer Jørn Skjeldestad velkommen i klubben!!