Sliteseier over Tornado Måløy 

Ivan er lei av å gjenta seg sjølv.

Å møta Tornado Måløy, det er aldri enkelt. Dei siste oppgjera oss i mellom har vore tette og intense og spennande og hatt alt ein fotballkamp stort sett skal ha. Dette var ikkje noko unnatak.
Men her hadde me også dommar Frank Heggestad, som i følgje vårt veldig kompetente FirdaLIVE-panel i spikarbui var banens beste og feilfri i første omgang, så alt gjekk føre seg i kontrollerte former.

Det einaste me ikkje hadde styr på var korleis me skulle omsetta dei mange sjansane me laga til mål. Difor tok det tid før Fredrik endeleg fekk herja inn 1-0 etter ein kårer fra Christian. På det tidspunktet hadde Tornado Måløy faktisk teke leiinga etter å ha vore gode og farlege framover. Etter det samla me oss også meir framover og trøkte på, men dei fleste som såg kampen meiner likevel at 1-1 var greitt til pause.


Etter ein aldri så liten alvorsprat i pausen var me kjappt ute i starten av andre omgang, der Terje fekk sett inn 2-1-leiing etter målgjevande pasning frå Cafu. Med det fastsette han også sluttresultatet – trass i at me hadde ubegripeleg mange sjansar til å auka på. Etter kvart hadde tornado Måløy også det, så det vart kanskje litt vel spennande – og kanskje litt vel høg temperatur – på slutten, men det er no også slik det skal vera.


Trenar Ivan seier seg som vanleg veldig godt nøgd med sine tre poeng. Og opplyser som så mange gonger før at me sløsar med sjansane våre.
– Eg er litt lei av å gjenta meg sjøl kamp etter kamp, men sånn er det berre. Me er veldig gilde fordi me får tre poeng, det er alltid kjekt å vinna kampar, alltid kjekt å slå Tornado Måløy, som er eit godt lag, og det er kjekt når me lykkast i det me har tenkt ut og avtalt at me skal gjera, er konklusjonen.

– Det blir litt for spennande mot slutten, for i staden for å drepa kampen midtvegs i andre omgang, slik me har fleire store sjansar til å gjera, gjer me det vanskeleg for oss sjølve og inviterer Tornado Måløy innatt – og dei gjev oss motstand, legg han til.
– Men,men, me er nøgde, som sagt – no handlar det om å avslutta med stil og stå løpet ut!

To kampar står att denne sesongen, Bremanger borte og Stryn heime. Me har litt lyst til å komma oss på pallen, men er avhengige av at Florø 2 kanskje går på ein smell eller to for at det skal skje.
– Det spelar ikkje så stor rolle om det blir tredje eller fjerde eller femte, sant. Me skal som sagt avslutta med stil, uansett.

Me takkar Tornado Måløy for denne sesongen og ønsker lykke til med innspurten – snakkes i 2018!

Meir deltajert referat finn du her på FirdaLIVE.

Høgdepunkta frå Kent Fimreise sin livestreaming ser du her!

Kampfakta:

Årdal FK – Tornado Måløy 2-1 (1-1)
Jotun stadion, laurdag 30. september
Tilskodarar: Om lag 150
Dommar: Frank Heggestad, Sogndal med Stein Otto Førde, Breimsbygda IL og Oda Bjelde, Sogndal
Gule kort: Ole Gunnar Bukve Kjødnes, ÅFK og Svein Arne Volle, Tornado Måløy
0-1   30 min   Chris Andre Nore
1-1   35 min   Fredrik Aspeseter Sørli (Christian Stedje ass.)
2-1   47 min   Terje Kvam Øvstetun (Ørjan Cafu Skilbrei ass)
Årdal FK. Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Kjetil Karlsen (Andreas Ntvik fra 46.min), Fredrik Aspeseter Sørli, Nicolai Laberg (Marius Loftheim fra 68 min), Vegard Aafedt Bukve (Endre Kauppi Straumsheim), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen fra 81 min), Christian Stedje