Sliteseier som smakte

– Me måtte berre ha trua på at det kunne gå, seier Ivan.

Fast bestemt på å retta oppatt den blemma me gjekk på mot Bremnger sist helg, reiste me til Måløry og Refvika stadion for å gå på nok ein vanskeleg bortekamp til no i sesongen.

– Me ville veldig gjerne visa både for oss sjølve og andre at me kunne betre enn det me gjorde mot Bremanger, så me fekk det kanskje litt midt i fleisen då Tornado Måløy tok leiinga, seier trenar Ivan Øy.

Tornado Måløy tok leiinga fem minutt før pause etter at begge lag hadde hatt brukbare sjansar, så i pausen handla det om å finna fram litt meir sjølvtillit og tru på at det var mogleg likevel å få med seg tre poeng heim.
– Me gjekk ut der i andre omgang med tru på at dette greier me å gjera litt meir nøyaktig, med litt meir trøkk, er forklaringa.

Me tenkte at dersom me berre gjer det samesom me gjer – men med litt meir trøkk, litt meir presisjon og vilje -og viss me ikkje slepp Tornado Måløy så lett til, så går dette fint, tenkte me. Det er litt med det å vera litt tøffare i duellane. Det er flerie me veit har det i seg, i dag var det fleire av dei som stod litt meir framenn die har gjort før, seier Øy.

Joachim Furset er tilbake etter eit skadeavbrekk og sette i årdølene sitt aller første seriemål denne sesongen då han utlikna halvvegs ut i andre omgang, noko som sjølvsagt førte til ny spenning i kampen.
– Og så eit godt gjennomspel med gjennombrot av Johnny Aspeseter rett før slutt, det var heilt enormt.

– Heile laget stod veldig på i dag, spesielt etter at heimelaget skåra. Det var ein skikkelg slite-siger – og den smakte godt, for å sei det sånn, seier Ivan Øy.

Fredrik Sørli måtte ut 20 minutt før slutt etter eit knallhardt møte med knottane til ein motspelar. Han vart sendt til sjukehus på Nordfjordeid med to kutt i skallen, og vart sydd ni sting.
Deretter vart det ein natt på overvåkinga i Førde – for sikkerheits skuld..

– Det var eit uhell, det er slikt som skjer i kampens hete. Fredrik vart raskt teken hand om av tre særs dyktige damer i ambulansetenesta og var i dei beste hender heile vegen. Han er ved godt mot, opplyser Ivan.

 

Kampfakta:

Tornado Måløy -Årdal FK (1-0) 1-2
Kretsligaen, 2.runde, laurdag 28.april

Refvika stadion

Dommar: Marius Bakke Nybø,Eid

1-0 39 min Stefan Misic

1-1 72 min Joachim Furset

1-2 86 min Johnny Aspeseter Hagen

Gule kort: Nicolai Laberg, Årdal FK

Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg, Ørjan Skilbrei, Ole Gunnar Kjødnes, Joachim Furset (Marius Loftheim fra 88 min), Vegard Aafedt Bukve, Simen Mannsverk (Patrik Schørlien Patanakarun frå 79 min), Fredrik Sørli (Sander Bjørkum Øvstetun frå 69 min) Brede Stedje Ylvisåker, Anders Lereng