Slo attende mot Sogndal II

Eitt annulert mål, eitt kverrsett raudt kort og eitt poeng.

Og dessutan mange gode referansepunkt å ta med seg vidare.

Det byrja med ein kalddusj for vår del, då Sogndal skåra etter berre tre små minutt og elles tok det meste av føringa i kampen med høgt tempo. Tarjei Dale la på til 0-2 etter vel ein halvtime, like etter nesten etter gjekk Sogndal opp til 0-3 til ville protestar frå heimelaget.

Dommar Åmot blåste for mål, men valde å annulera etter ein samtale med linjemannen. Svært pålitelege kjelder sler enkelt og greit fast at det dreidde seg om kommunikasjonsfeil mellom dei to dommarane. Linjedommaren vinka for ein gedigen dytt i angrepet, men markerte seg ikkje tydeleg nok og dommaren misforsto.  

Dermed var stillinga til pause 2-1, nok ikkje ufortjent for Sogndal sin del.

I andre omgang tok kampen ei ny vending og meir offensive takter frå Årdal førte til at Terje Andreas kunne dundra inn utlikningsmålet eit kvarter ut i omgangen, samstundes som han fastsette sluttresultatet.

 Ragnar Åmot hamna igjen i fokus då han annulerte eit raudt kort han gav Bernard Brons som fekk sit andre gule for dagen.

Ein heil del kommunikasjon seinare fekk Christian det gule kortet, medan Bernard fekk komma inn att.

Christian har såleis karantene og må sona mot Skavøypollen laurdag. Temperaturen var, som forventa i eit tett nabooppgjer med sterke personlegheiter både på og rundt heile bana, nokså høg.

Ein engasjert Nils Tore gav også ved eit par høve uttrykk for at han var usamd i nokre av avgjerdslene til dommar Åmot, men har elles fylgjande oppsummering av kveldens hendingar:

Sogndal stillte med eit sterkt lag på papiret, heile 8 spelarar med erfaring frå Adeccoliga frå start.

Bekymringen min før kamp, var om me klarte å omstille oss frå 3.divisjonstempo til å matche spelarar med høgre tempo i kroppen.

Første 25 minutta var det tempoet me sleit med. Det var større balltempo og bevegelse hjå Sogndal, der me ikkje klarte å henge heilt med og Sogndal skapte nokre gode sjansar.

Når me først vann ball, vart me for stressa og slo den for mykje ut av laget, me klarte ikkje å etablere noko spel.

Men etterkvart begynte me å få bedre tak på det, Harald begynte å ta større ansvar med ball og posisjonskifte med Johann og Terje Andreas løfta laget offensivt.

Me fekk sjå nokre flotte angrep der me kjem til gode sjansar.

At Sogndal leiar 2-1 til pause er fortent.

I pausen satte me fokus på å tore meir med ball, både individuelt/kollektivt og sette standard på aggressivitet og løpskraft.

Dette syntes eg spelarane tok skikkeleg ansvar på,og me gjer ein veldig god andreomgang.

Me utlignar tempoforskjellen frå første omgang, ja, eg vil faktisk påstå at me er bedre utover omgangen på løpskraft og aggressivitet.

Spelemessig hevar me oss,meir ro med ball, me er kollektive i angrepsspelet og enkeltspelar vågar å sette motstander i problem med individuelle forsøk.

Spesielt Terje Andreas blir ein handfull for Sogndalsspelarane.

Me vinn andreomgang 1-0 og kampen endar 2-2 som var eit greitt resultat etter 90 minutt.

Det tok litt tid før me fekk kroppane i gang,men dei siste 60 minutta er godkjent,og slike kampar mot gode spelarar, er gull verdt med tanke utvikling, både individuelt og kollektivt.

Her fekk ein gode referansepunkt som ein kan ta med seg vidare.

17 åringen Stian Karlsen som debuterte frå start i buret,gjorde ein god kamp.

Vel møtt laurdag til sesongens siste på heimebane!

-Nils Tore-