Slo Spretten – braut forbannelse

Seier i serieopninga er ikkje kvardagskost for vår del.

Me har nemleg ikkje vunne i sesongstarten sidan me slo Larsnes/Gursken heime på Jotun stadion våren 2014. Difor kan det trygt seiast at me i dag snudde ei nokså negativ trend då me ikkje berre slo Studentspretten 0-2 på Kvåle stadion – me gjorde det også på glimrande manèr.

– Ein vanvittig bra førsteomgang med vanvittig god innsats. Me var på, me spelte god fotball, me skapte seks-sju store, fine målsjansar i tillegg til at me skåra to vakre mål. Meir kan ein vel ikkje ønska seg av ein slik kamp, er trenar Ivan sin konklusjon.

Ole Gunnar Bukve Kjødnes fekk æra av å skåra vårt første mål i Kretsligaen denne sesongen etter ein god halvtime, mens Johnny Aspeseter Hagen la på til 2-0 rett før pause.

– Og begge deler var aldeles nydelege mål, om me skal få seia det sjølve, meiner Ivan om det.
– Det er liksom ikkje tilfeldig, det er frå angrepsoppbygging til eit godt sluttprodukt, det er det som karakteriserer flotte mål.

I pausen var det naturleg nok god stemning, men som Ivan pleier å seia: 2-0 er ein farleg ledelse!
– Det er klart, ein slik første omgang som det me presterer, det kostar litt. Og det er no sånn at eit heimelag som ligg under 2-0 gjerne vil opp og fram, så dei endra ein del på taktikken sin, det merka me godt, men det var me også budde på, seier Ivan.

– Eg tykkjer me står godt i mot heile vegen og me ser at enkeltspelarar står fram i dag meir enn nokon gong før – men totalt sett er dette ein kanonsterk lagseier!

Alt i alt, me er særs godt nøgde med å endeleg vera i gang.
– No køyrer me på her, den er grei. Det som varmar mest akkurat i dag er at me vinn fortjent, det gjer også godt etter ein litt rufsete vinter, seier Ivan.

Meir om kampen står og lesa på FirdaLive

Kampfakta: Studentspretten – Årdal FK 0-2 (0-2)
Kvåle stadion, laurdag 27.april
Tilskodarar: ein del
Dommar: Frank Heggestad, Sogndal med Jonny Skjerven og Simen Solbakken Skjerven, begge Kaupanger

Gule kort: Vidar Øvregård, Nikolai Bråta Strømstad, Studentspretten og Serif Isic og Anders Lereng, Årdal FK

0-1 32 min Ole Gunnar Bukve Kjødnes
0-2 45 min Johnny Aspeseter Hagen (Terje Kvam Øvstetun assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg, Kjetil Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Eirik Rode, Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Anders Lereng frå 78 min), Johnny Aspeseter Hagen, Joachim Furset, Truls Hovland (Marius Loftheim fra 88 min) og Terje Kvam Øvstetun (Serif Isic frå 83 min).