Snart klart for comeback

I alle fall reint formelt.

Trass i at det er ei stund sidan det vart gjort klart at Truls Hovland vender heim til Årdal FK for neste sesong, har ikkje formalitetane vore heilt klare. Ikkje før no.

I eit brev frå Norges fotballforbund vart det denne veka slått fast at Truls offisielt er speleklar for oss frå og med i dag.

Det passar sjøvlsagt veldig godt med at dagen i dag truleg blir den aller første på treningsfeltet på ei stund.

– Truls har slitt med ein gamal strekkskade som ikkje har vore god. Den har han no vore til spesialist i Oslo for å få undersøkt nærmare, fortel sportsleg leiar Jan Kåre Stedje.

Truls har fått klarsignal til å byrja forsiktig med trening igjen.

– Han har fått eit opplegg der han kan begynna forsiktig og utvida etter kvart. Men det er to månader til seriestart, så me er ikkje veldig bekymra.

Gledeleg gjensyn blir det også med Endre Kauppi Straumsheim, som også er klar for Årdal.

Han har spelt for Øystese dei siste par sesongane, men har også vore plaga med skader.

– Me reknar med at Endre begynnar no i dag og tek det roleg i starten, er beskjeden frå benken.

Me ønsker Endre velkommen heim og ynskjer både han og Truls lykke til med oppkøyring.