Solid seier etter dårleg start

Mykje å gleda seg over på Jotun stadion i dag.

Årdal FK møtte Voss på kunstgraset i Øvre i dag, og heimelaget vann 8-1, etter at det sto 2-1 ved pause. Gjestene tok leiinga alt etter 2 minuttar, då markeringa ved ein corner var noko fråverande hjå dei raudkledde.

Heimelaget snudde dog kampen etter to mål før pause, og køyrde like godt over Voss i dei siste 45 minuttane, med seks nye mål.


Voss var likevel det beste laget før pause, og laget spelte fin fotball. Heimelaget vart ståande mykje å sjå på, og det var noko passivt i det meste Årdal gjorde.

Etter pause vart presset på ballførar mykje betre frå Årdal si side, og kontringane sto nesten i kø resten av kampen. Voss har hatt vanskelege treningstilhøve gjennom vinteren, og det var truleg litt naturleg at dei fall av utover i kampen.

Årdal vann såleis ein fortent siger, med mange flotte mål.

Det er vanskeleg å trekke fram einskildspelarar i dag, men Joachim var truleg heimelaget sin beste spelar. Anders sin innsats i andre omgangen må og nemnast.

Det er og verdt å merke seg at mange unge og nye spelarar er kommen inn i troppen vår, og desse har gjort sakene sine svært bra. Både Edin og Stian har debutert i vinter, og den siste nye er Eirik Thomassen Øren. Han spelte og mot Valdres forrige helg, og i dag debuterte han på heimebane. Som dei to andre, jobbar han hardt på bana, er god i duellane og har sjølvtillit nok til å spele fotball og ikkje «sparke» fotball. Flott å sjå!

Ein positiv tilvekst er og Serif Isic, som og heimedebuterte på Jotun stadion i dag. Serif kjem frå Lærdal, og etter eit opphald i Kina, er han klar for sesongen i drakta til Årdal. Pasningsfoten har han alt presentert på ein god måte, så dette vert spennande.


Målfesten til tross, det mest spennande no er korleis det går med ein spelar frå Voss, som diverre landa skeivt og skada kneet sitt.

Kampen vart sjølvsagt stoppa i mange minuttar, og den uheldige spelaren vart frakta på båre ut i garderoben. Han var ved godt mot etter uhellet, men undersøkingar på sjukehuset vil gje svar på korleis det gjekk med kneet.


Uansett kryssar med alt me har for at den gode spelaren snart vil vere på bana att, og kanskje til returkampen på Voss i slutten av mars.

God dommar var sjølvaste Geir Kjetil Øvstetun, som måtte ta denne jobben etter at resten av dommarane i regionen er på samling. Med seg på linjene hadde han om lag 30-40 personar, som stort sett vinka i felles retning… den rette.

Årdal nytta desse spelarane: Sivert Larsson, Serif Isic, Brede Stedje Ylvisåker, Stian Laberg, Edvin Hestetun, Ole Gunnar Kjødnes, Nicolai Laberg, Marius Loftheim, Terje Øvstetun, Anders Lereng, Joachim Furseth.

Etter pause vart og desse spelarane nytta: Johnny Aspeseter Hagen, Elias Moen, Eirik Thomassen Øren, Stian Klingenberg og Edin Turkovic Alme.

Måla vart laga av desse spelarane:

Anders (3 ) etter assist frå Eirik, Serif og Joachim

Joachim (2) etter assist frå Ole Gunnar og Terje

Terje (1) etter assist frå  Anders

Edvin (1) etter assist frå Terje

Marius (1) etter assist frå Anders

Elles kan me nemne at det var ca. 75 tilskodarar, noko som var svært hyggeleg.