Solid siger over Sandane


Flott fotballkamp med ni mål.
Ikkje verst på ein litt småkald fredagskveld.

Seriekamp 4. divisjon 26.09.08.
Jotun stadion – kunstgras

Årdal FK 2 – Sandane: 7 – 3 (3 – 1)
Publikum: Ca 70

Dommar: Jeikishan Jegatheesan ( bra )

Årdal FK nytta desse spelarane:
Stian Karlsen, Gunnar Heggheim (Joackim Mjøs frå 75. min), Gøran Moheim, Kjetil Karlsen (Ruben Aspesæter frå 67. min), Alin Madalin Ciobanu, Johnny Aspesæter, Kjartan Smedegård, Mads Andrè Jevnaker, Daniel Eide (Andreas Hestetun frå 77. min), Stian Øy (Emil Thune frå 45. min), Thomasz Malionwski.

Mål:
13. min. 1-0: Johnny Aspeseter (straffe)
20. min. 2-0: Johnny Aspeseter (assist Daniel Eide)
24. min. 2-1: Sandane
40. min. 3-1: Thomasz Malinowski
48. min. 3-2: Sandane
56. min. 4-2: Emil Thune (assist Thomasz Malinowski)
72. min. 5-2: Thomasz Malinowski (assist Emil Thune)
84. min. 6-2: Sjølvmål (assist Alin)
90. min. 7-2: Emil Thune (assist Andreas Hestetun)
91. min. 7-3: Sandane

God fotballkamp.
Årdal FK2 og Sandane leverte ein flott fotballkamp på det nye kunstgraset denne fredagskvelden, og heimelaget vann til slutt svært fortent 7-3. Det har svinga kraftig rundt dette laget i heile år, fra det heilsvarte til det brilliante, og kampen her var absolutt nærmast den siste kategorien.

I tillegg til 7 mål, produserte heimelaget 10-12 store målsjansar gjennom dei 90 minuttane, og dei fleste kom etter flott spel. Publikum var og nøgde med det dei såg, og ein kan vel slå fast at dette var ein av dei beste kampane for året.

Sandane er eit spelande lag, og dei var og sjanseskapande i denne kampen. Stian i buret måtte i flott aksjon nokre gonger, og resultatmessig held dei nokonlunde følgje med oss til vi auka leiinga til 4-2. Frå då av var det kun eit lag på bana.

Mellom alle lyspunkta er det vanskeleg å trekke fram einskildspelarar, men nokre fortener litt meir blomster enn andre. Thomas, Mats Andre, Kjartan (som gjorde come-back) og Johnny var til tider svært gode, men dei andre var som sagt ikkje langt etter.

Stian Ø gjorde og eit flott comeback etter langvarig skade, og han hadde god grunn til å smile etter at han vart plukka av bana i pausen. Skaden hans gjorde at vi ikkje tok sjansar med eit for ”hardt” gjensyn med kampsituasjonen, så han vart fornuftig ”verna”.

Laget ligg no trygt forankra midt på tabellen, noko som og var målet før sesongen.
Vi har to kampar att, og den neste går i Holmedal kommande søndag.
Det vert ei uvanleg utfordring all den tid heile 12 av spelarane våre dreg på russetur og ikkje kan vere med her.
Då vi generelt har utruleg mange spelarar ute grunna skader o.a. for tida, vert dette ei hard nøtt for klubben. Men vi skal nok greie å stille eit bra lag, uansett…